Preiketekst: Joh 11:45-53

Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde,

kom til tru på han. Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: "Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. Let vi han halda fram såleis, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt." Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: "De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket enn at heile folket går til grunne." Det sa han ikkje av seg sjølv. Men av di han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. Ja, han skulle ikkje berre døy for folket; men han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde ikring. Frå den dagen la dei planar om å drepa han.

 

Det ein gong ein delegasjon av prester og leikfolk på ein økumenisk konferanse i .England og som ein del av programmet skulle dei være  ei veke i forskjellige kyrkjelydar. Dei skulle sjå kva som skjedde der. Dei skulle inspirere dei og dei skulle gi dei nokre gode råd særleg om korleis dei kunne få fleire unge til å tru på Jesus og til å bli med i kyrkja. Då dei kom at til konferansen hadde nesten alle minst ei side med gode råd med seg, bortsett frå ei dame, eg trur ho var frå Nigeria: På henna ark stå det berre nokre få ord, eit spørsmål: Kvifor lar dokke ikkje ungdomane kome?

 

Overprestane lurer på kva dei må gjer for å stoppe Jesus, fordi fleire og fleire trur på han. Så foreslår ein av dei å drepe Jesus. Jesus skapar uro, ting er ikkje som før. Dei er redde for eit opprør. Ting er ikkje som føre var. Overprestane prøver å øydelegge det som de meiner at Jesus vill og kjem til å gjere. Men utan at dei legg merke til det blir dei til guds verktøy. Jesus er Guds son og til oppdraget hans høyrer det med at han må døy for å samle ikkje berre Israelsfolket men alle i trua på Gud. Jesus døde for oss, for å gjer vår veg til Gud fri. Gud ynskjer at vi skal være med i hans riket. Han vil være med oss her på jorda og tilbyr oss eit liv utover dette her på jorda. Vi skal være verktøyet, armane og hendene til Gud. Ikkje ubevisste som overprestane, men bevisste. Og slik som dei stiller seg spørsmålet: Kva kan vi gjer for å stoppe Jesus. Må vi spørje: Kva gjer vi, som stopper Jesus? Er det noko som stenger ut folk? Kor er dørstokkane for høge? Er det folk som vi ikkje ser eller som vi ikkje klarer å møte?

Sjølv om vi har eit godt barne- og ungdomsarbeid er det langt ifrå alle som er med der? Og kyrkja og bedehuset, det er diverre dei over 40? Eg veit ikkje noko svar på desse spørsmål, men eg veit at vi må stille dei. Eg veit ikkje svar på desse  spørsmål, men eg veit kvifor Jesus døde: han skulle ikkje berre døy for Israels folket; men han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde. Og vi skal hjelpe han med det, vi skal være hans armer, hans verktøy her på jorda. Vi skal være med å spreie trua og Guds rikje her på jorda. Armer og verktøy som ligg i ro skapar ikkje noko som helst. Det skal ikkje vi være og difor hjelper det ikkje å teie. Difor må vi fortelje om Jesus og vi mår spørje oss: Kva av det vi gjer stopper Jesus? Er det folk vi stenger ute?