Startbrevet:

 

Bibelen er ein skatt. Det er mykje ein kan oppdage i bøkane både i det nye og i det gamle testamentet. Men det er noko som må til for å oppdage det som er spennande. Ta med deg alle 5. klassingar på ei skattejakt gjennom kyrkja. Bibelen har 66 bøker og difor finn dokke 6 brev i kyrkja. I kvart brev finn dokke ei oppgåve og når dokke har klart den får dokke eit hint om kor dokke finn det neste brevet. Det siste brevet skal leie dokke til skatten.

 

Det første brevet finn dokke ved inngangsdøra.

 


Inngangsdøra

 

Den første som døypte var døyparen Johannes. Han døypte ved Jordanelva med å dykke menneskene ned.  Dåpen skulle gi menneskene sjansen til å vende om. Dåpsvatnet vaska dei rein frå syndene sine. Jesus var ein av dei som kom til Johannes. Han var utan synder og han trengte ikkje å bli døypt Johannes ville i utgangspunkt ikkje døype han. Men Jesus ynska det og slik ble han døypt. Etter dåpen gikk ut i ørkenen. Der møte djevelen han.

 

Kva er teiknet for Jesu dåp? Kva ble Jesus i ørkenen og kva er teiknet for dette?

 

 

 

 

 

Om Johannes står det i bibelen:

(Joh 5:35) ”Johannes var eit ljos som brann og skein, og ei lita stund ville de gleda dykk i ljoset frå han.”

Jesus sjølv seier:

(Joh 8:12) "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos."

Og difor tenner vi eit dåpslys for dåpsbarnet. Og vi har lysestake med levande lys her. Det neste brevet finn dokke difor der.


Lysestake

Det var ein mann som opplevde Jesus som eit spesielt sterkt lys . Han ville eigentleg forfylgje dei kristne i Damaskus men Gud stoppet han.  Seinare gikk han på reiser.

 

 

 

Kva heit denne mannen?
Kva slags reiser gikk han på og kor gikk dei til?
Sei ord og vis teikn!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Jesus hold en gang en veldig viktig preike. Til denne preika klatra han opp på eit fjell slik at folket kunne høyre han betre. Difor fin dokke det neste brevet også oppe. Gå opp på galleriet!


Galleriet

I bergpreika sa Jesus blant anna Matt 5:3-11

"Sæle dei som er fattige, i seg sjølve, himmelriket er deira.

Sæle dei som syrgjer, dei skal verta trøysta. Sæle dei tolsame, dei skal arva jorda. Sæle dei som hungrar, og tyrstar etter rettferda, dei skal verta metta. Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn. Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud. Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born. Sæle dei som vert forfylgde for rettferd, himmelriket er deira. Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis. ”

Det var mange som ikkje ville høyre på det Jesus sa. Mens andre lytta på det han sa, dei tok han imot med opne armer.

Han peika også ut 12 stykker  skulle hjelpe han og fortelje andre om han.

Kva blei Jesus av dei som heller ville jage han bort enn å høre på han? Kven lytta på Jesus? Kven peika Jesus ut?  Sei ord og vi teikn!

 

Ein gong høyrde 5000 menneske så lenge på Jesus at dei blei kjempe svolten, men Jesus klarte å mette dei. Av og til har vi kyrkjekaffi eller anna mat i midtgangen sjå difor om finn det neste brevet der!


Midtgangen

Over midtgangen henger det ofte eit skip. Dette fortel at også dei som er ute på havet er ein del av fellesskapet og at vi er på veg i lag.

Ein gong då Jesus var på veg på Gennesaret-Sjøen, sovna han i båten. Då kom det noko som fikk han til å vakne og til å gjer noko med situasjonen.

Alle dei teikn som  Jesus gjorde skulle vise at han var ein spesiell konge og hadde eit spesielt forhold til gud.

 

Kva skjedde på Gennesaret-sjøen?

Kva blei dei 5000 som var med Jesus og som ikkje hadde nok mat med seg?

Kva slags konge var Jesus og kva var han til Gud?

Sei ord og vi teikn!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Før Jesus døde i Jerusalem hadde han eit siste måltid i lag med læresveinane sine. Dette måltidet er grunnlaget for at vi feirar nattverden. Nattverdfeiringa skjer ved Alterringen der finn dokke det neste brevet.


Alterringen

Etter det siste måltidet gikk Jesus til hagen Getsemane og prata med Gud.

Alle læresveinar var der bortset frå Judas Iskariot. Han peika på Jesus for overprestane. Som dømde Jesus til døden.

Han blei avretta, men blei ikkje liggande i gråva. Han forlet jorda på ein litt uvanleg måte og sende oss noko for at vi ikkje skulle være aleine.

 

 

 

Kva var det siste måltidet Jesus hadde i lag med læresveinane? Kva var det Judas gjorde mot Jesus? Korleis blei Jesus avretta og kvifor blei han ikkje liggjande i grava? Korleis forlet Jesus jorda og kva sendte han oss? Sei ord og vis teikn!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette eine glade budskapet handlar om at Jesus blei menneske for oss, hans liding, død og oppstode. Han gjorde det for at vi skulle kunne møte Gud. Ein spesiell plass til å møte gud er alteret. Der finn dokke det nest siste brevet.


Alteret

På altaret ligg det (nesten) alltid ein Bibel som inneheld både det gamle og det nye testamentet. Det gamle testamentet forteljar om skapinga, urfedrane og guds historie med Israelsfolket, mens det nye testamentet forteljar om Jesus, apostlane og korleis Evangeliet, det glade budskapet,  blir sprett til verdsens Ende. Bibelen er en skatt. Skatten kan dokke også dele med andre med at dokke les for eksempel i det nye testamente i lag. Slik kan dokke fortelje andre om Jesus, om Paulus, om mange andre, og om det som skjedde vidare med Israelsfolket. I det nye testamentet får dokke også å vite kvifor vi i dag tilber den same gud som Israelsfolket.

Vis heile vandringa gjennom det Bibelen  før dokke få skatten.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skatten finn dokke i den store bibelen som står under alteret. Opne den og del skatten med kvarandre!