Luk 17:7-10

Om ein av dykk har ein tenar som er ute og pløyer eller gjæter, seier han då til han når han kjem heim frå marka: Kom no og set deg til bords?  [8] Nei, han vil seia: Lag til kveldsmat åt meg, gjer deg så i stand og set fram for meg medan eg et og drikk. Sidan kan du sjølv få deg mat.  [9] Takkar han tenaren for at han gjorde det han var føresagd? Eg trur ikkje det.  [10] Såleis med dykk òg. Når de har gjort alt det de var føresagde, skal de seia: Vi er uverdige tenarar og har berre gjort skyldnaden vår."

 

I gamle dagar var det folk ofte gjorde etter skulegongen å tene. Dei var tenestetaus eller knekt på ein gard. Dei tente. I dag er det få som kva som ligg inne i det å tene. Vi liker heller å bli betent, men det å tene sjølv det er ikkje aktuelt. Vi har vår krav og forventningar om vi er bevisste på det eller ei. Vi forventar at forventningane vår vert oppfylte, og kanskje prøver vi å oppfylle dei forventningane  som andre set i oss. Men det å tene det har blitt uaktuelt.

Likevel er dokke her i dag, på gudsteneste.

1 Mos 2:3

Og Gud velsigna den sjuande dagen og lyste han heilag. For den dagen kvilte Gud etter det verk han hadde gjort då han skapte.

 

Den sjuande lyste Gud heilag, denne dagen skulle menneskene bruke for han. Denne dagen skulle dei tene han. Når eg ser meg rundt her i dag så er eg glad for å sjå dokke og eg blir glad når eg tenkjer på alle dei  som lyttar på radiogudstenesta. Men det er mange andre som brukar dagaen til noko heilt anna og berre det.

Men eg er glad for at i alle fall dokke er her på gudsteneste i dag. Du skal halde kviledagen heilag lærer konfirmantane. Og gud har gitt oss sine bod ikkje for å plage oss, men for å hjelpe oss. Kutter vi ut gud og gudstenesta på søndagen, så er det kanskje det eine eller andre vi får unnagjord, men det er ikkje godt i lange løpet. Du får dei kanskje ein fin og lenger fjelltur, du kjem eit godt stykke framme med eit kor prosjekt, du få mala stua di eller, eller, eller, men dei mister kontakten med gud. Og det er farleg.

 

Vi skal være tenarar for gud det er det godt å være bevisste på. Og det å tene gud er ikkje så vanskeleg heller:

 

Luk 10:27

"Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv."

 

 

Å være open for Guds innspel i livet vårt og å ta vare på nesten vår, det er ikkje så vanskeleg heller. Å være open for gud , det er å prøve å halde kontakt med han, det er prøve å leve slik som han vil og det er og å tene nesten vår.

 

Den viktigaste er å prøve: " Vi er uverdige tenarar og har berre gjort skyldnaden vår.". Det er ingenting vi har krav på hjå gud, sjølv om han har gjord og gjer mykje for oss. Vi er avhengige av hans nåde. Det er ikkje vi sjølv som har gitt oss livet. Vi har ikkje skapt oss sjølv. Det er han som gjorde det . Vi er avhengige av hans nåde. Og han er nådig - heldigvis. Han gav gjekk sjølv opp på korset, sjølv om Vi er uverdige tenarar og har berre gjort skyldnaden vår. Han døde for å gi oss ein ny fridom: Vi kan velje han bort eller vi kan bestemme oss for han. Og bestemmer vi oss for han er det ikkje mange krav som ventar på oss. Det er nok at vi prøver og at vi stoler på han.

Vi er uverdige tenarar og har berre gjort skyldnaden vår. Og likevel elskar han oss. Likevel er han nådig då kan kanskje også vi prøve å være gode tenarar.

 

mm