Atter tala Jesus til folket og sa: "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos."

 

Det å tenne eit ljos, det er noko spesielt. Det å slå på lyset med lysbrytaren er ikkje det same. Det å bruke brytaren, det er noko teknisk - mekanisk. Det ligg mykje meir i det å tenne eit levande lys.  Det er lett å tenne noko med eit levande ljos, men det er vanskeleg å gjer dette ei lyspære.

Her i Noreg har det å tenne eit ljos fått ein spesiell meining etter at kong Olav døde i 1991. I etterkant av dette har også lysgloben fått plass i dei aller fleste kyrkjene. Ljoset i midten av lysgloben, midt i jordkloten  kallar vi for Kristuslys og  lysene ute rundt kloten det er våre lys.

Jesus seier: Atter tala Jesus til folket og sa: "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos."

Men han seier og:

Matt 5:14

De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast.

Jesus er verdsen ljos og vi skal være ljoset i verda. Som ljos i verda skal vi prøve å lyse opp verda. Vi skal prøve å gjer denne mørke verd eit stykke lysare. Nå syns dokke kanskje at det er så lite kvar enkelt av oss klarer, men husk: Når liten ein liten sankthansorm lyser er det ennå nok så mørkt, men når det blir fleire og fleire blir natta så lyst som på sankthans.

Jesus er verdsens ljos og slik som vi kan tenne vår lys i Kristuslyset, slik ynskjer han også å tenne oss. Og med han i midten blir også lyset vårt mykje sterkare. Jesus er ingen brannsitfter. Han ynskjer at vi skal fylgje han og at vi skal brenne, men han tvingar oss ikkje. Han ynskjer å tenne oss, men vi kan stå imot dette.

Å være tennt av Jesus som er ljoset for verda og som ynskjer at vi skal fylgje, det meiner ikkje at ljoset vårt alltid lyser like sterkt. Av og til kan det være stort og godt synleg, og av og til kan det være nok så skrøpeleg. Det kan til å med hande at det sloknar ein gong i blant.

Men vi kan alltid kome att til Jesus for å bli tennt på nytt. Og eg trur mi må det. Bilen din uansett om det er ein Mercedes , ein leikebil eller eit dokkevogn, den treng vedlikehald. Og trua di, den treng det med! Jesus har sagt:

Matt 18:20 Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei..

Og trua di lever ikkje godt når du berre lever den for deg sjølv. Trua di må møte Jesus av og til for å overleve og det skjer først og fremst i gudstenesta, eller andre plassar der to eller tre er samla i hans namn. Trua treng  fellesskapet slik som bilen din treng service.

Vi trenger møter med andre truande og Jesus som ljos for verda skal vise vegen for denne flokken av aller dei som følgjer han og som er på veg i lag med han.  Og namnet til denne flokken som fylgjer etter Jesus der er kyrkje, ikkje kyrkje som bygning eller som institusion, men som fellesskap, som Jesu Kristi kyrkje her på jorda. Og eg inviterer dokke: bli med i dette fellesskapet, engasjer deg i dette fellesskapet! Vi har oppgaver til alle og eg trur alle kan eit eller anna som vi har bruk for. Bli med, ikkje berre i dag men i heile hHerrens år 2006!