Atter tala Jesus til folket og sa: "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos."

 

Kvar dag når eg står opp om morgonen er det blitt eit stykke lysare. Og det er eg glad for. Eg likar ikkje dei mørke dagane. Eg er glad i sol og ljos. Mørke dagar lar ofte dei  mørke tankane mine bli alt for sterke. Som for mange andre er desember og januar difor ikkje dei enklaste månadene for meg. Men midt i denne mørke tida ligg det ei festtid - juletida. Gud blei menneske, for å være oss nær.

Her langs med kysten er det ein god del fyr og signallykter. Dei sender mykje lys ut i mørket. Dei er fine å sjå, men dei har også ein praktisk funksjon: Dei skal vise vegen. Dei skal hjelpe båtane slik at dei ikkje havarerer eller går på grunn. I dag har GPS tatt over mykje av denne oppgåva, og fyrvoktarane har blitt borte dei aller fleste plassane, men fyra har ennå ikkje mista sin funksjon.

I Jesus blei gud menneske og når han seier "Eg er ljoset for verda.", då blir han som eit fyrtårn. Til jul feirar vi at Gud kom inn i verda, men denne verda, den var og er ikkje lys. Det er mykje mørke her på jorda, mykje urett og liding. Difor har vi behov for eit fyrtårn for livet vårt. Og når Jesus seier "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos." då stiller han seg til disposisjon som fyrtårn for livet vårt.

Eit fyr tvingar deg ikkje til å halde  kursen, om du vil, kan du likevel styre båten din på grunn. Men du kan også bruke fyret som ei orientering. Jesus ynskjer ikkje å fengsle oss, men han ynskjer å vise oss ein veg, han ynskjer å hjelpe oss med orienteringa slik at livet vårt ikkje går på grunn eller havarerer.

Dette er den første andakt i Haramsnytt i 2006, året 2006 etter kristi fødsel eller anno domini 2006, Herrens år 2006 som dei sa i gamle dagar. Eg ynskjer alle eit riktig godt og velsigna år og håpar at det kan bli eit Herrens år, eit år der vi brukar Jesus Kristus som fyrtårn, som orientering i livet vårt.