Preiketekst: Luk 11:14-23

Ein gong dreiv Jesus ut ei vond ånd or ein som var mållaus. Og då ho hadde fare ut, tala den mållause. Folket undra seg. Men nokre av dei sa: "Det er Beelsebul, hovdingen over dei vonde åndene, som hjelper han å driva dei vonde åndene ut." Andre ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:

 

 

Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og hus etter hus fell. Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans halda seg? For de seier at det er Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene. Men er det Beelsebul som hjelper meg til det, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå, når dei driv ut ånder? Difor skal dykkar eigne folk døma dykk. Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får han ha eige-domen sin i fred. Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek han våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut det han har røva ifrå han. Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

 

" Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene" seier Jesus. Ein finger kan være ganske mektig. Ein finger kan vise vegen - rett veg eller feil veg. Jesu finger viser vegen til ein ny ein annleis realitet. Jesus viser til Guds rike.

Vi er inne i fastetida før påske. Ei tid som skal gi oss rom til tenkje på våre eigne veger. Kven viste oss vegen? Kva slags vegvisar er vi har set på? Og kva slags vegviser ignorerte vi?

"Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og hus etter hus fell." seier Jesus. Peikefingeren kan vi også bruke til å peike på andre menneske. Vi kan peike på dei tiske. Vi kan peike og fordømme. Har du nokon gong peika på eit anna menneske, eit menneske som er annleis og som du kanskje ikkje liker best? Nokre peiker med fingeren og andre med hovudet, men viss du har brukt fingeren har du kanskje lagt merke til at det er berre ein finger du brukar til peike på den andre mens det er minst tre finger som peiker på deg sjølv.

"Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og hus etter hus fell." Det er ikkje naudsynt at alle er einig i alt. Og synes livet hadde vært keisam slik. Men det er eit forskjell mellom å være ueinig og  diskutere ting og å være i strid. Vi kan være ueinig om ei sak og likevel være i lag om andre. Vi kan være ueinig utan å være i strid.  Det er mykje strid og konflikter både i familiar, blant naboer eller på jobben. Vi kan bruke fastetida til å gjer oss bevisst på at Jesus lide, døde og stod opp for byggje ei bru mellom Gud og menneska og frå menneske til menneske. Kjenner du noen der eit venleg ord ei bløme eller ei liten gåve kunne skape forsoning? Bruk fastetida og gjer det. Også på denne måten kan vi fremje guds rike her på jorda.

God helg Michael Hoffmann

 

 

preken, preike, preke, preika, bibelen, bibel, påske, pinse, jul, jol, andakt