I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hjå Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. I han var liv, og livet var ljoset for menneska. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

[Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.]

Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

 

Det er eit år sidan vi feira jul her i kyrkja. Vi hørte korpset, eg snakka om jul, lys og varme.  Men vi visste ikkje, kva som skulle skje dagen etterpå. Den 26. desember, andre juledag skjedde det: Først eit jordskjelv og så tsunamien. 230 000 menneske mista livet.

Vi er i dag igjen samla her i kyrkja. Mange andre er det ikkje. Det var ikkje berre den eina katastrofen  som skjedde i dette åre, vi skal heller ikkje gløyme Kathrina og Pakistan. Likevel er det jul igjen. Vi feirar. Vi feirar  at Jesus kom til jorda. Vi feirar at Gud blei menneske.

Det er endå liding i verda og eg veit ikkje kvifor den er der, men det er ein ting eg veit: Gud er ikkje fjernt lengre. Gud har blitt menneske for å være oss nær i både sorg og glede.

Jesus er født. Gud har blitt menneske. Dette meinar ikkje at all liding er borte. Tsunamien kom likevel. Gud har blitt menneske, han blei født til jul og til påske daude han på korset. Gud blei menneske for å lide på korset for oss, lidinga er ikkje ut av verda. Men noko har forandra seg: Vi er ikkje lengre aleine med alt det som er trist og vanskeleg. Jesu, det er på hebraisk Imanuel og det tyder ”Gud med oss”. Gud er med oss. Og det er ein plass i kyrkja der dette blir særleg tydleg.

Dette lyset her i midten av lysgloben heiter Christuslyset og der kan vi tenne eit lys når vi legg det som ligg oss på hjertet, bode glede og sorg, framfor for gud.

Jesus er født, ”Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.” Gud er blitt menneske for oss vi er ikkje aleine. Alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. Vi er guds barn, og gud sjølv kom til verda som eit lite barn. Gud kom til oss og vi kan kome til han med både glede og sorg. Han heiter  Imanuel - Gud med oss. Og det ynskjer eg at dokke skal få oppleve både nå til jul og gjennom heile året.