I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.

 

Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.

Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta. Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei: "Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe." Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og kvad:

Ære vere Gud i det høgste,

og fred på jorda

blant menneske som Gud har hugnad i!

 

I mai var eg i Jerusalem og der blei eg invitert på ein konsert til den arabiske songarinnen Amal Murkus. Det er denne songen eg husker    best frå konserten: Å vente på ei lita jente, Stille og  med bøn og med gledenes ord - vi ventar på det nyfødde.

Kvar sekund – slik som ein tidsalder. Slektningar er samla i spent forventning. Eit plutseleg høgt skrik som opnar døra: Det er ei Jente! Lykke og glede fylla romet med lys. Og so son eit ekko : Bleia henna er i den same farga som puta. Tusen roser er planta i ein sirkel rundt det. Bileta på veggen: Fuglar, himmelen og ein drage som er lausriva frå kjettene sine. Framkomsten av ei lita jente. Ein misstanke om tusen tårer, livsløpet og stemmen  som er slik som når tusen lys byrjar å lyse. Skjebnens natt – framkomsten av ei lita jente.

 

Etter songen blei Amal Murkus spurt:” Sidan du er arabisk, fins denne gleda om ei nyfødt jente eller er det berre eit ynskje? ”Ho svara ”Det er sant, stol på meg, eg er ei femte dotter”

 

Ikkje alle born i denne verda er like velkomne. Sjølv om dei fleste born her i landet er ynskja og blei tatt imot med glede, så er det ikkje alle. Då Maria blei gravid, var dette svært upassande for ho og Josef, men han bestemte seg for å bli hjå henne. I lag reiste dei til Betlehem, slik som dei hadde fått ordre. Der var dei ikkje velkomne. Dei hadde ikkje nok pengar til å kunne bu på eit skikkeleg rom og kanskje måtte dei gå litt sakte fordi Maria var gravid og riene var sikker alt i gong. Slik var dei kanskje også litt seint ut. Nei dei og barnet dei var ikkje velkomne i Betlehem. Også for kongen var dei ikkje velkomne,. Herodes frykta konkurransen og prøvde å drepe det vesle barnet rett etter fødselen.

 

Det var mange som hadde venta på at ein Messias, frelsaren, skulle koma, men då han ikkje svara var det få som tok imot han. Mange irriterte seg over han og avviste han. Festen i dag feirar vi fordi Jesus blei født, fordi gud blei menneske? Men er det, det  vi feirar? Eller er det konsuma, oss sjølve eller noko anna? Er vi blant gjætarane som leiter etter han og som syng i lag med englekoret? Eller er vi blant dei som viser han døre, fordi han er ei fare for samfunnet som ikkje lengre har plass i eit pluralistisk land som Noreg? Blir han avist fordi vi ikkje klarer å tolerere at han ikkje tolerer alt?

 

Eg ynskjer at dokke skal huske på at vi feirar jul, fordi gud blei menneske, og at vi tar imot han, fordi det er oss han er ute etter. Eg håper at vi kan lovsynge han i lag Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda  blant menneske som Gud har hugnad i!