Preiketekst: Luk 17:20-30

Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: Guds rike kjem ikkje såleis at ein kan sjå det med augo. Ingen kan seia: "Sjå her er det," eller: "Der er det." For Guds rike er midt imellom dykk.

Til læresveinane sa han: Det kjem ei tid då de skal lengta etter å sjå ein av Menneskesonens dagar, men de skal ikkje få sjå det. Folk skal seia til dykk: "Sjå der," eller "Sjå her er han." Gå ikkje dit og fylg ikkje etter! For liksom lynet, når det blinkar, lyser frå himmelbryn til himmelbryn, såleis skal det vera når Menneskesonen kjem til syne på sin dag. Men fyrst skal han lida mykje og verta vraka av denne ætta.

Og som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem. Dei åt og drakk, dei gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka. Så kom flaumen og gjorde ende på dei alle. Eller som det var i Lots dagar: Dei åt og drakk, dei kjøpte og selde, planta og bygde. Men den dagen Lot gjekk ut or Sodoma, regnde det eld og svovel frå himmelen og gjorde ende på dei alle. På same vis skal det vera den dagen Menneskesonen syner seg.

 

Eg les denne teksten i ei tida der dagane blir kortare og kortare og verda rundt meg blir mørkare og mørkare. Med meg er det sånn at også tankane mine blir mørkare og mørkare. Siste søndag var det allehelgensdag, og teksten til søndagen som kjem nå er heller ikkje veleigna til å få meg til å tenkje lysare tankar.

Men er det grunn til det? Eg har hørt mykje skremselspropaganda rund den dagen skal Jesus skal kome att. Eg har hørt mykje om dommedagen og slaget Harmagedon som kunne gjer meg redde, men eg har ikkje hørt mykje frå Jesus som gjer meg redde.

Ja det skal bil ein domedag, men treng ikkje å være redde for det, fordi Jesus har sagt: (Joh 5:24) ”Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som sende meg, han har evig liv og kjem ikkje for domen, men har gått over frå døden til livet.  ”

Og ja, Jesus skal kome att og du skal være førebudd på det, men du treng ikkje å spekulere på når han kjem. Tvert imot, når folk seier: ” "Sjå der," eller "Sjå her er han." - Gå ikkje dit og fylg ikkje etter!” seier Jesus. Han skal kome att plutseleg, på ein heilt vanleg dag. Så det er godt å være førebudd på at han kjem.

Men, nei du treng ikkje å være redde for denne dagen. Guds rike er ikkje noko ein trenger å være redde for. Guds rike er noko å gled seg på, for det startar allereie midt i mellom oss. Det startar der vi lever at: (Luk 10:27) "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv."  Alltid når vi klarer å leve dette får vi oppleve eit glimt av guds rike. Det er ingen annen enn Jesus sjølv som oppretter Guds rike og difor  er det ingen som kan seia "Sjå her er det," eller: "Der er det.", men det kan oppstå midt i mellom oss. Vi skal ikkje være redde den dagen Jesus kjem att, men  vi skal prøve å gi riket hans mange moglegheiter til å oppstå iblant oss.

Ha ein god helg!

Michael Hoffmann