Eg er glad i Gud, men det er ein ting som er dumt med han: Det er så vanskeleg å sjå. Det er så vanskeleg å få auge på han. Eg veit at gud er meg nær, men det hadde no vært godt å kunne sjå han.

Gud har skapt så mykje. Dag og natt, hav og land, måne og sol, stjernene, fulglane, blomane. Og gud har skapt både deg meg. Og alt dette er synleg. Heldigvis.

Gud har skapt alt dette og han har ikkje gjord det på 1,2,3 han har tok seg tid til det. Og han gjer det fortsatt. Kvart år får vi nye solbær, rips, gulroter, poteter, løkk …. Er det noe eg har gløymd?

Og for å takke for alt det han har skapt for feirar vi hausttakkefest.

Men veit dokke kva som er det finaste som gud har skapt?  "Det skjer eit under i verda, kvar gong eit barn blir til" sang vi. Og sant er det, noko av det finaste som eg veit at gud har skapt, det er menneska rundt meg det er du og du og. du  Og gud elskar kvar og ei av oss uansett om vi er slemme eller snille. Sjølv om han er usynleg, er han alltid der når vi trenger han. Og han lyttar på oss.

Han har skapt oss alle som sitt her og alle som dokke kjenner til. Og om denne gongen gud skapte dei første menneskene står det: 1 Mos 1:27

Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei.

 

Gud skapte mennesket i sitt bilete. Og det meinar at vi alle linar litt på gud og det meiner og at kvar gong eg ser ein av dokke ser eg og eit glimt av gud. Og det skal dokke ta med: Kvar gong dokke møter eit anna menneske kan dokke sjå eit glimt av gud i hansiktet til han eller ho.