Ein skriftlærd som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han og spurde: "Kva for eit bod er det fyrste av alle?" Jesus svara: "Dette er det fyrste bodet: Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin; og du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt. Det andre er dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. Noko større bod enn desse finst ikkje."

Den skriftlærde sa til han: "Vel tala du, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han. Å elska han av heile sitt hjarta og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og andre offer." Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til han: "Du er ikkje langt borte frå Guds rike." Og ingen våga å spørja han meir.

 

"Trygge i Guds hand" heiter ein liten skulptur som eg har sett ein plass. Skulpturen er ikkje stort. Den er kanskje litt større ei hand. Og det største i skulpturen er også ei hand. Og i denne handa ligg det eit lite menneske. "Trygge i Guds Hand."

Til denne skulpturen høyrer det også eit lite vers:  Kristus har ingen hender, han har berre hendene våre til å gjer arbeidet hans. Men kva når hendene våre er opptatt med så mange andre ting?

 

Vi er ikkje aleine i denne verda og vi er ikkje aleine på denne jorda. 1 Mos 2:18 "Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine." seier Gud, men det er så lett setje seg sjølv i fokus. "Du skal elska nesten din som deg sjølv." seier den skriftlærde til Jesus, men det er så lett å stoppe opp ved seg sjølv. Det er ikkje alltid så enkelt å elske nesten sin som seg sjølv. Det kan bli vanskeleg når ein sjølv er sjuk  eller når ein ikkje klarer å elske seg sjølv.  Det er så lett å bli så opptatt av seg sjølv slik at vi ikkje klarer å tene verken medmenneska våre eller gud. Men vi alle er elska av gud. Han er glad i kvar og ein av oss. Og det er lite som må til for å kome i gang med å oppfylle bodet . "Du skal elska nesten din som deg sjølv.". Du treng ikkje å være særleg flink med hendene for at Jesus skal kunne bruke dei. Det kan være nok med at du har ein munn, øyre eller augo. Det er ikkje alltid at vi trenger store ord eller store gjerningar for at vi i det daglege livet kan leve at  "Du skal elska nesten din som deg sjølv. "Det han være nok med å lytte på ein eller ei anna, det at du hentar en kaffikopp ikkje berre til deg sjølv, men også til naboen din, det kan være eit smil. Det er ikkje store gjerningar som trengs for å leve dette. Eg trur det er mykje betre med mange små enn med ei stor, for då gjennomsyrer dette bodet heile livet.

 

Me vi skal ikkje gløyme det andre bodet: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt." Vi er guds barn, vi er trygge i handa hans. Bodet taler seier at Gud er Herre, men ordet Herre blir eigentleg berre brukt for å unngå å bruke guds namn. Ein bruker ordet Herre for å unngå å misbruke guds heilage namn. Men dette ordet kan også være misvisande. Gud er ingen general. Tvert imot han er ein snill og god far som passer på borna sine. Men når dei gløymer han og jobber imot han og på denne måten skader seg sjølv, då kan hende at han blir sint.  I dag skal vitskapen  forklare alt. Nokre vil til og med bortforklare gud. Men gud er der, han der trufast og alltid. Han forandrar ikkje på teoriane sine anna kvart år. Han er der han passar på  og han elskar oss og difor skal også vi elska Herren vår Gud av heile vårt hjarta og av heile vår sjel og av alt vårt vit og av all vår makt og nesten vår som oss sjølv. Då kan vi være trygge i guds hende og formidle denne tryggleiken også til andre.