Rom 8:37-39

Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss.  [38] For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt,  [39] korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

 

 

 

Eg har eit spørsmål: Kven av dokke liker det å vinne? Og eit spørsmål til: Kven av dokke liker det å tape?

Men slik er det vil når nokon skal vinne er det andre som må tape. Og sjølv eit uavgjord er ingen utveg  for då er det begge to som både vinn og tapar. Men veit dokke kva som er verst: Når du må vinne over vennane dine. Det meiner ikkje at ein ikkje kan fortsette som venner, men det er liksom ingen full seier.

Det er kjekt å vinne og å være siger, men det er dumt at ein alltid må har nokon til å vinne imot.

" Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss." det er apostelen  Paulus som skriv dette. Eg veit ikkje om han heia på eit lag som "FK Levitikus Jerusalem" eller "Antiokia FK" eller "Lacio Roma", men eg veit at han var ein sporty kar. Og etter alt vi veit om han må han har vært ein aktiv turgåar. Han var mykje på tur og det einaste transportmidlet han brukte ved sidan av føtene sine var båt. Paulus reiste mykje og han var mykje på tur. For han meinte det å vinne ikkje berre "å vinne over" men også "å vinne fram til". Vi skal nå prøve og tenkje oss litt inn i denne situasjonen som Paulus er inne i når han skriv romarbrevet:

Paulus er mykje på veg og vegane han bruer er  ikkje direkte nokon motorveg, dei er ofte smale og farlege og det er røveri både her og der. Nei berre det å kome fram, det er ein siger i seg sjølv. Og det treng ikkje å være det endelege målet ein kjem til. Det er nok med å nå fram til ein plass, der ein kan slappe av, der ein er trygge og der ein kan få litt påfyll både i magen og i sjela. Og kvar dag kjem han eit stykke nærmare målet. Og kanskje treff han andre på veg som har det same målet. Då blir vegen litt lettare, for da kan ein prate litt på vegen. Han får kanskje vite om dei farlege plassane og han er ikkje åleine viss ein snublar eller skadar seg. Eller han kan dele på mat og drikke og blir kjent med nye folk og nye ting. Av og til prøver folk forskjellige veger, men etter ei stund så møter han dei igjen og da har dei mykje å snakke om. Er den eine veg betre enn den andre eller er dei like gode. Kven møte dei andre på vegen? Kva slag erfaringar har dei andre gjord. Nei det er godt å være på veg i lag. Også det å vinne fram til eit nytt fellesskap kan være eit gevinst. Og når han kjem fram til målet er det ikkje alltid han veit kven han treff der. Av og til må han først plante ei kyrkjelyd og av og til møter han folk der som han kjenner til. Og det å starte åleine det er skummelt, då er det mykje betre når han treffe folk som han har møt før. Enten på vegen eller ved eit tidlegare besøk.

 

Men la oss kome tilbake til nåtida. Sjølv om vi har både bus, bil, sykkel, båt, fergje og motorsykkel. Er også vi  på veg. Også vi er på veg mot eit mål. Eit mål som vi skal vinne fram til. Og dette målet blir ofte kalla for "guds rike". Men dette er eit uttrykk som er nok så vanskeleg å forstå. I tillegg er det eit nok så ukjent mål. Vi har ikkje vært der før. Men vi er på veg. På veg i lag. Og vi veit at det er folk der som ventar på oss. Vi eit at Jesus ventar der på oss. Vi veit ikkje korleis det blir, men eg tru på at det blir bra, nei ikkje berre bra, dette blir toppen. Og noko som er viktig der, det veit eg også, det er fellesskap. Fellesskap både med Jesus og med dei som er på veg i lag med oss. Og difor er også Jesus i lag med oss, sjølv om vi ikkje klarer og sjå han kan vi likevel legge merke til at han er med oss. Men til dette treng vi slik som Paulus plassar, der ein kan slappe av, der ein er trygge og der ein kan få litt påfyll både i magen og i sjela. Og eg trur at Krik er ein sånn plass., der ein kan slappe av, der ein er trygge og der ein kan få litt påfyll både i magen og i sjela. Og det er godt at så mange vinner fram til dette fellesskapet til denne plassen kvar gong. Og uansett om ein taper eit match der, alle som kjem ditt er vinnerar. Dei har vunne fram eit stykke på vegen. Og gudstenesta den er også ein sånn plass. Kanskje for litt andre folk, men også her kan ein være trygge, ein kan slappe av og kome med problem og med glede, med alt mogleg til gud. Her kan ein  også få. på fyll i sjela o når det er kyrkjekaffi også i magen. Og alle dokke som er her nå har vunne fram. Og difor har eg lyst til å gratulere dokke med seiaren. Dokke har vunne fram eit stykke på veg til guds rike. Men gløym ikkje å fortsette på vegen for  hos Jesus er det mykje meir å vinne enn berre ein siger. Og ingenting skal skilje dokke frå han.