Preiketekst: Mark 2:18-28

 

"Sabbaten vart til for mennesket, ikkje mennesket for sabbaten."

 

Det er kjekt å være prest i Haram særleg ute på Nordøyane. Naturen er imponerande og været mangesidig. I tillegg er det mange kjekke menneske her ute. Og eg veit ikkje mykje som er finare enn å feire gudsteneste i lag med dei. Gudstenesta gir meg ofte eit løfte for heile veka.

Eg føler meg styrkja, ser ennå ansikta og høyrer framleis avslutningssalmen. Når eg på denne måten kjem  tilbake frå ein gudsteneste med  sykkel, bil, ferja eller ambulansebåten Nordskyss, da er  verda i orden. Eg og verda rundt meg er i balanse, eg gler meg på ein roleg ettermiddag med kona mi.

Men det er enkelt å få meg i ubalanse igjen: Ein enkelt traktor som må hauste nettopp på søndag til beste gudstenestetid  kan være nok, eller nabo som klipper plenen. Det er ikkje slik at eg ikkje forstår at bøndene må hauste når veret passer. Eg veit at dei jobber hardt for lite pengar og eg veit at naboen jobber skift og har dårleg tid. Det er mange gode grunner for å jobbe på ein søndag, men det er ein ting som står imot alt dette - Guds ord:

"Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje tenaren eller tenestkvinna eller feet, eller innflyttaren i byane dine."  (2 Mos 20:10)

Dette står fast og vi feirar søndagen, dagen for Jesu oppstode som den sjuande dag. Eg veit at det er god del  bønder iblant oss som  er godt kjent i bibelen og ynskjer å svare på dette med Jesu ord:

"Sabbaten vart til for mennesket, ikkje mennesket for sabbaten."  (Mark 2:27 )

Og sant er det. Sabbaten eller kviledagen er ingen slavisk ordning. Den seier ikkje at vi ikkje skal gjere livsnødvendige ting. Men kva er livsnødvendig? Er det å hente inn graset eller det å vaske kle livsnødvendig?

Søndagen, kviledagen er ein del av Guds gode ordning: "Sabbaten vart til for mennesket." Vi treng ein kviledag som vi kan bruke for Gud, for familien og for oss sjølve. Den sovjetiske diktatoren Stalin prøvde seg i si tid med ei meir effektiv 10 dagars veke. Resultatet var at folket vart  utmatta og klarte mindre enn før. Stemninga i landet vart dårlegare og til slutt måtte sjølv den mektige diktatoren gi seg. "Sabbaten vart til for mennesket." Vi treng kvile i vår hektiske verd. Eg veit at det er ikkje så enkelt å halde søndagen heilag. Som prest jobbar eg sjølv på søndagar og eg er i tillegg gift med ei som jobbar turnus. Det er ikkje så enkelt, men når eg ikkje klarer det og har fridagen min for eksempel på måndag  skal eg i det minste ikkje forstyrre helgedagsfreden til andre. Det er det Paulus også meiner når han skriv :  "Men sjå til at den fridomen de her har, ikkje fører dei veike til fall!"  (1 Kor 8:9) Det er nemleg det som skjer når eg ser  at andre klippe plenen, henge ut klede eller hentar in graset. Det minne meg og andre om det som står igjen heime hos oss. Det skape ei uro i oss som forhindrar at vi får kvile i søndagsfreden. Problemet i kyrkjelyden i Korint var offerkjøtt , men uansett om det er kjøtt eller jobbing på søndagar, det handler om å vise omsyn til kvarandre. Derfor skulle vi kanskje halde  med Paulus som skriv: "Dersom mat fører min bror til fall, da vil jeg aldri i evighet spise kjøtt! For jeg vil ikke føre min bror til fall." (1 Kor 8:13 ). Når  vi verkeleg må gjere noko på søndagen , skulle vi kanskje gjere det inne slik at vi i det minste ikkje forstyrrar andre. "Sabbaten vart til for mennesket." Søndagen er ein dag for Gud og for oss. Og dette ynskjer eg dykk: En god haust med mange rolege søndagar og kanskje nokre turar til gudstenestene.

 

 

Dykkar Michael Hoffmann (Sokneprest i Haram)