Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava. Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadier på lag, og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren. Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom,

gjekk ho til møtes med han; men Maria vart sitjande heime. Marta sa til Jesus: "Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døytt. Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg." "Bror din skal stå opp att," seier Jesus. "Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen," svara Marta. Då sa Jesus til henne: "Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?" "Ja, Herre," seier ho, "eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda."

Men somme av dei sa: "Han som opna augo på den blinde, kunne ikkje han ha laga det så at denne mannen ikkje hadde døytt?" Jesus vart atter oppøst og gjekk bort til grava. Det var ei hole, og det låg ein stein framføre. "Ta steinen ifrå!" seier Jesus. "Herre," seier Marta, syster til den avlidne, "det luktar alt av han; han ligg i grava på fjerde dagen." Jesus seier til henne: "Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?" Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa: "Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg. Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette for folket skuld som står her ikring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg." Då han hadde sagt det, ropa han med høg røyst: "Lasarus, kom ut!" Og ut kom den døde med føtene og hendene sveipte i likklede og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei: "Løys han og lat han gå!"

 

Det er ofte at står ved eit grav. Og når, når eg blir betre og betre kjent med folket her ute, blir det meir og meir vanskeleg for meg å ta avskjed med foket. Eg har blitt så glad i folket her ute, at det gjer vondt for meg å ta avskjed med dei. Eg veit ikkje om dette temaet er passande her i dag, men det er det eg tenkjer på når eg les denne teksten. Det skjer at eg ynskjer meg at Jesus skal kome i ei sånn gravferd og at han rope med høg røyst: "Kom ut", men han kjem ikkje. Han kjem ikkje og familien, venner naboer og eg blir ståande der med smerten og sorgen vår. Den som ligg der han eller ho er gått og kjem ikkje at slik som Lasarus.

Og likevel er det trøyst i denne teksten: . "Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen." seier Marta. Og rett har ho i det. Ja, det er vondt å stå der ved eit krav og ja, det å stå der er ingen solskinsdag i livet. Men det siste verset som eg les i ei gravferd, borte ved grava det er: "Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy." Dette seier Jesus til Marta og så spør han: "Trur du det?"  og ho svara: "Ja, Herre, eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda." og det har eg lyst til å svare med. Eg veit at det er trist og at det gjer vondt å stå der ved grava og eg veit at livet etterpå ofte er alt mogleg, men ikkje enkelt. Men trur at Jesus er oppstod og at Lasarus er oppstod. Og sjølv om Jesus ikkje kjem i gravferda for og rope "Kom ut" veit eg hat han kan kome kvar dag. Og eg er ikkje redde denne dagen som frå gammalt av blir kalla for dommedag. Eg veit at Jesus daude på korset for meg, fordi eg er synder. Men difor treng eg ikkje å være redde for denne dagen. Tvert imot: eg kan gle meg på denne dagen. For dette ein stor gjensynsdag der eg få sjå igjen alle dei som eg saknar som trudde på Jesus. Og denne dagen kan faktisk være i morgon, om ei veke om eit år eller om nok så lenge, men den kjem og vi treng ikkje å være redde denne dagen. Fordi denne dagen får vi endeleg høyre "Kom ut" og få sjå igjen dei vi saknar.

AMEN