Farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Og folk kom og spurde Jesus: "Kvifor fastar ikkje dine læresveinar når læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane gjer det?" Jesus svara: "Kan bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hjå dei?

Så lenge dei har brudgomen hjå seg, kan dei ikkje fasta. Men det skal koma ei tid då brudgomen vert teken frå dei; når den dagen kjem, då skal dei fasta. Ingen set ein lapp av ukrympa ty på eit gamalt kledeplagg. For då riv den nye bota med seg eit stykke av det gamle plagget, og rifta vert større. Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene vert øydelagde. Nei, ny vin i nye skinnsekker!"

Ein gong bar det så til at Jesus gjekk gjennom ein kornåker på sabbaten, og læresveinane hans tok til å riva av aks medan dei gjekk. Då sa farisearane til han: "Sjå, kvifor gjer dei det som ingen har lov til på sabbaten?" Han svara: "Har de ikkje lese kva David gjorde då han var i naud, og både han og mennene hans svalt? Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta; han gav òg dei som fylgde han." Og Jesus sa til dei: "Sabbaten vart til for mennesket, ikkje mennesket for sabbaten. Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg."

 

Konfirmantundervisning heiter det som vi starta med i går (for ei veke sidan). Undervisning heiter det og det høyres ut som skule og mykje pugging. Men eg håpar at ikkje blir slik dokke kjem til å hugse konfirmanttida. Eg håper at dokke kjem til å oppleve heile tida som eit lite fest, slik at blir ikkje berre den store festen på våren dokke får i tankane når dokke ein gong tenkjer på konfirmasjonen. "Sabbaten vart til for mennesket, ikkje mennesket for sabbaten." seier Jesus og eg har lyst til å sei "Konfirmantopplegget vart til for konfirmantane, ikkje konfirmantane for konfirmantopplegget". Sjølvsagt må vi krevje at dokke er litt til stede, men vi håper at dette blir lett for dokke fordi det skal bli gøy og møte ungdomane frå dei andre øyane og dra på tur ilag. Sjølvsagt skal dokke lære dokke noko i dette året, men vi håper at dokke ikkje legg så mykje merke til det. Læresveinar heiter dei som er på veg med Jesus. Læresveinar heiter dei og det er mykje dei lærer når dei er på veg. Men samstundes kallar Jesus den tida som dei er i lag med han for ei festtid. Dei opplever mykje i lag med Jesus og dei spør. Og når dei spør får dei svar. Matt 28:20 "Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står." seier Jesus og difor statser vi på at han er med oss også gjennom den tida fram til konfirmasjonen og utover den. Difor satser eg på at ikkje berre konfirmasjonen blir ein stor fest for dokke men at heile tida fram til konfirmasjonen blir til ei festtid for dokke. . Læresveinane opplever mykje i lag med Jesus og dei spør. Det finnes ingen dumme spørsmål, berre dumme svar og vi skal prøve å finne kloke svar når dokke kjem med spørsmål. Og dokke skal vit at vi er glad for når dokke kjem med spørsmål.

Vi har eit anna konfirmant opplegg enn det foreldrene dykkar hadde då dei var konfirmantar, men tidene har forandra seg og dokke er ikkje foreldrene dykkar. " Nei, ny vin i nye skinnsekker!" sjølv om vinen dokke får tilbod om fortsett berre vil være alkoholfri nattverdsvin, så er mykje vi skal prøver å stable på beina for at dokke skal ha ei god tid.

Og når vi skal presentere dokke om ei lita stund, så skal vi gjer dette for å henge dokke ut eller for at all skal vite kven dei må kjøpe presang til neste år. Nei det er fordi ikkje er åleine dette året.  Det er eit kyrkjelyd, det er fadrar, det er foreldre  og besteforeldre som kjem til å bed for dokke. Men desse vil gjerne vite kven dei skal be for . Og så gler eg meg over å få sjå denne flotte gjengen som vi skal vandre i lag med i nesten eit år. Eg gler meg på ei stund i lag med dokke som læresveinar, som konfirmantar.