Medan det var ei stor turke, kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: "Ta ut og gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og gjev deg til der! Eg har sagt frå til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat åt deg."

Så tok Elia ut og gjekk til Sarepta. Då han kom til byporten, fekk han sjå ei enkje som gjekk og sanka ved. Han ropa til henne og sa: "Henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!" Då ho gjekk og ville henta vatn, ropa han etter henne: "Ta med deg eit stykke brød til meg òg!" Ho svara: "Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødbit; eg har berre ein neve mjøl i krukka og eit grann olje i krusa. No fer eg her og sankar nokre vedpinnar og vil gå heim og laga mat til meg og son min. Så vil vi eta og leggja oss til å døy." Elia sa

til henne: "Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak fyrst eit lite brød av mjølet, og kom ut til meg med det! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din. For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje verta tom, og oljen skal ikkje tryta i krusa til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda."

Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og sidan hadde dei mat i lang tid, både han og ho og folket i huset hennar. Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen traut ikkje i krusa. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.

 

 

Å du som mettar liten fugl

Velsign vår mat å Gud

 

Slik høyres det ut nå vi starter maten heime med oss og så ynskjer vi kvarandre ei velsigna god måltid. Vi syng bordvers før maten, vi ber bordvers som mange her i kyrkjelyden. Men kvifor gjer vi det? Songstemmene er ikkje så gode at vi berre må synge og det er heller ikkje alltid det er festmat som står på bordet. Det kan også være eit nokså enkelt måltid.

 

Og det er også eit nok så enkelt måltid, historia om profeten Elia fortel om: Brød laga av olje og mjøl. Nok så enkelt brød, men likevel er det eit under at enka i Sarepta, sonen hinna og profeten Elia har det.

For oss er det ein sjølvfølgje at vi har nok mat på bordet. Og vanlegvis er det god mat som ventar på oss. Det er lenge sidan folk måtte svolte her  i landet. Og eg har lyst til å gi dokke noko å tyggje på: borte med han Mattias fant eg noko brød som er laga etter nesten den same oppskrifta som enka i Sarepta brukte i sin tid: Nok så enkelt og flat brød.

Er vi takknemleg for at vi har nok å eita? Klarer du å gle deg over eit enkelt måltid eller er du alt for kresne med maten? Er det ei sjølvfølgje at vi kan bli mett eller er det noko vi har å takke for? Er det vår forteneste at vi ikkje blir ramma av flaum eller tørke? Er det vår forteneste eller er det ei gåve at vi har meir enn nok til å setje på bordet?

Eg trur ikkje det. Eg trur at det er ei gåve at vi har nok mat på bordet og at vi har all grunn til å takke Gud for dette. Det er alt for mange her på jorda som ikkje har nok til å ete. Så vi har all grunn til å takke for den maten vi har på bordet uansett om det er yndlingsmaten vår eller ei. Og det er difor vi ber bordvers. Når eg syng bordverset, så er det ein måte til å bed. Bordverset er eit bøn som gjer meg bevisste på at ikkje er nokon sjølvfølgje at eg har nok mat på bordet.

Eg kjenner mange forskjellige bordvers både norske og tyske: Å du som mettar liten fugl. Gud signe maten på vårt bor. Herre din jord bærer mat nok for alle. Gledens Herre. og så vidare.

Dokke kan gjerne velje yndlingsverset dokka. Det er ikkje viktig korleis vi takker Gud for maten vi får men at vi takker. Det er viktig at vi blir bevisste på at vi er avhengige av gud og at han sørgjer for oss. Det er viktig å takke Gud for det vi har på bordet og det er viktig å tar han med i kvardagen vår. Det er viktig at vi blir bevisste på kva vi verkeleg trenger: Guds kjærleik og Guds omsorg, for utan dette har biler, hus og alt anna ingen verdi. Vi er avhengige av Gud og det er det godt å være bevisste på.