Preiketekst: Luk 10:25-37

Då steig det fram ein mann som var kunnig i lova. Han ville setja Jesus på prøve og sa: "Meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?" "Kva står skrive i lova?" sa Jesus. "Kva les du der?" Han svara: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv." Då sa Jesus: "Du svara rett. Gjer det, så skal du leva." Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: "Kven er så nesten min?" Jesus tok opp spørsmålet og sa:

Det var ein mann som fór frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. No høvde det så at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk framom. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk framom. Ein samaritan som var ute og ferdast, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, tykte han hjarteleg synd i han. Han gjekk bort til han, helte olje og vin på såra hans og batt om dei, lyfte han så opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel om han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: "Syt vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem attende."

Kven av desse tre tykkjer du bar seg åt som ein neste mot han som fall i hendene på røvarane? "Den som synte miskunn mot han," svara den lovkunnige. Då sa Jesus: "Gå du av og gjer like eins."

 

Takk for at dokke er her takk for at dokke har gjort dokke  på veg hit i lag.  Takk for at ikkje berre er ein som sitt her. Takk for at vi kan feire gudsteneste her i lag. Sjølv om trua på Jesus Kristus er noko personleg, så er det i alle fall ikkje noko privat. Det er dei som trur som i lag som er Jesu lekam her på jorda. Det er i fellesskapet vi gjer Jesus synleg her på jorda. Vi skal leve trua i fellesskapet, og som fellesskap er vi på veg i lag.  Vi er ikkje der vi var for nokre år sidan. Men eg håper at vi er her i lag.

Dette er ein del av ein av ein ankar. Dette er skrott som vi har funne i fjøra. Den kan kanskje brukast til pynt, men den er ikkje til nytte for noko. Dette er berre ein del av ein ankar, detter ein ingen ankar. Ingen ville tar den om bord for å bruke den på sjøen.

Eit fellesskap som berre er ei forsamling av individiuer, ei forsamling av private enkelte menneske, er ikkje noko fellesskap lengre.

Eit fellesskap tar vare på nesten sin. Den går ikkje forbi ein som ligg i grøfta. Den hjelper kvarandre på beina igjen.

Også i idretten og på sjøen er det folk som spill i lag som er etterspurt. Men det er noko som er spesielt med det kristelege fellesskapet. Her er det ikkje berre medmenneska vår som vi skal setje framom våre eigne behov, men også Gud.

Det er noko spesielt med den kristne trua. Den set både gud og medmenneska i fokus. Det er noko som skil den kristne kyrkja frå mange sekter.

 

"Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv."

 

Det er kjekt å være alleine ute på sjøen, men det er viktig at vi ikkje gløymer at vi er del av eit fellesskap. Eit fellesskap om omfattar både Gud og dei andre truande som vi lever i lag med. Og der er gud som oppretta dette fellesskapet, då han daude som Jesus Kristus på Golgata for oss. Det skal dokke huske og eg ynskjer dokke at kjem til å oppleve at han er med dokke alle dagar så lenge verda står.

Amen