Preiketekst: Luk 18:9-14

Jesus fortalde ei anna likning til nokre som trudde om seg sjølve at dei var rettferdige, og såg ned på alle andre: To menn gjekk opp til templet og ville be. Den eine var farisear og den andre tollar. Farisearen stelte seg opp og bad såleis: "Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller òg som den tollaren der. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener." Tollaren stod langt nede; han ville ikkje eingong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: "Gud, ver meg syndaren nådig!" Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

 

 

Dette er eit bilde som Paul, guten min har laga. Ser dokke kva det viser?  Det er ein ball - heilt eintydig. Dette er ein ball. I alle fall ein ball slik som han ser det.

Når er det siste gang dokke har laga eit bilde? Kor mange av dokke har laga eit bildet i den siste veka? Eg meiner ikkje berre bilde som dokke har mala, eg tenkje også på foto og på andre mote å lage seg eit bildet. Heil ærleg?

Sjølv om vi ikkje har mala nokon eller noko og heller ikkje har tatt foto så har noko dei aller fleste laga seg eit bildet av saker og menneske. Vi har laga oss bilete av korleis menneske  og ting er.  Eg trur nok dei fleste av dokke har bilete av korleis menneskene rund han eller ho er. Korleis foreldrene er, korleis ektefellen, barna, naboer eller korleis folket som du møter på gata er. Og så har vi eit bilete av om huset er i god stand, om det kjekt å bu er ute, om det er noko vi manglar osv.

Vi har laga oss bilete av både ting og menneske. Og vi har laga os bilete av både oss sjølve og av andre.

Og det gjer også farisearen. Han ser på seg sjølv som  ein rettferdig man som står over andre. Og han har laga seg eit bilete av tollaren som han ser ned på. Tollaren  er ikkje nokon rettferdig mann. Han tek for mykje skatt frå medmenneska sine. Han krev for mykje av dei og han har lav sosial status. Han er ikkje rettferdig, men han er bevisste på det:

Audmjuk kjem han til templet, han står langt nede, han våger nesten ikkje å snakke, han våger ikkje å bruke store ord . Han ber: "Gud, ver meg syndaren nådig!".  Og Gud lyttar.

Farisearen derimot står framme og ber med mange ord. Han står fast på korleis han er og korleis tollaren er. Eller korleis han ser seg sjølv og korleis han ser tollaren.

Men han ser berre det biletet som han har laga seg og av tollaren. Og fordi han står framme og ber me høge og mange ord, høyrer han ikkje kor audmjuk tollaren ber. Og fordi har eit såpass fast bilete av seg sjølv ser han ikkje at han er ein syndar med. Med at han setter seg sjølv så høgt og har såpass faste bilete er han ein syndar dvs. at det er ein avstand  mellom han og gud. Tollaren er også ein syndar men i sin audmjuke holdning er han mykje nærmare gud enn farisearen.

 

1 Sam 16:7

"Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta."

 

Eg snakkar  ikkje mot å lage seg bilete. Eg liker dette bilete og som vi kjem til å ta med dåpsfølgjet etter gudstenesta og augene vår lager faktisk bildet 23 ganger i sekunden.

Det er ikkje noko galt med å lage seg bilete, men det er galt å setje dei absolutt. Det er viktig at du er bevisste på at dei berre er bilete og ikkje menneskene som dei verkeleg er. Sjå deg rund er du sikker på at folket rund deg verkeleg er som du trur at dei er? Eller kan det være at dei er annleis enn du trur at dei er? Det er godt å være audmjuke, for vi klare ikkje å sjå alt vi ser berre med augene, ikkje med hjertet.

 

"Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta."

 

Og skal vi heile tida være opne til å forandre biletene våre og være bevisste at dei berre er bilete. Slik at vi er audmjuke og ikkje setter høgare enn andre: For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.

 

Men når vi kjem audmjuke til Gud, når vi stiller oss under korset, når vi trur på Jesus Kristus, da har Gud  lovd oss at vi skal få del i den nåden som Jesus vant da han daude på korset.

AMEN