Preiketekst: Luk 22:24-27

No vart det ein strid mellom dei om kven som skulle gjelda for den største. Då sa Jesus til dei: "Kongane er herrar over folka sine, og dei som rår over dei, vert kalla velgjerarar. Men slik er det ikkje hjå dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren. For kven er størst, den som sit til bords eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er som ein tenar mellom dykk."

 

Olsok denne dagen minner oss på Olav den heilage, kongen som spreidde kristendommen i Noreg.  Det er ein dag som minner oss på ein mektig mann som mista livet sitt i kampen for å få tilbake makta. ” slik er det ikkje hjå dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren.” Det var ikkje Olav som gjorde seg sjølv til helgen men det var andre som brukte han til det.

 

Det er vel litt over 160år sidan det stod ei kyrkje her, her ute på Haram. Kyrkja er borte, men alteret og altartavla som stod her, dei finns ennå. Den står i dagens Haram kyrkje inne på Austnes. Men kvifor fortel eg det til dokke. Dokke er nok kjent med denne historia. Men det dokke ikkje veit det er at noko ved denne altertavla som irriterar meg. Det er ikkje Mose, Aron eller Evangelistane. Det er ikkje Jesus i lag med læresveinane ved nattverden. Det er heller ikkje Judas i bakgrunnen der. Det er ikkje Jesus som lider på korset for oss, det er ikkje den oppstandane, men det er det som er over den oppstande. Nei der er ikkje himmelen, der eit våpenskjold med to bokstaver og eit årstall der. Bokstavane er eit stort C og eit stort V og under dei står årstalet 16??. Bokstavane stå for ein av Olavs etterfølgjarar Kong Christian den femte, konge av Danmark –Noreg . Han var enevoldsherskar og vi minner han for hans norske lov frå 1687.

"Kongane er herrar over folka sine, og dei som rår over dei, vert kalla velgjerarar. Men slik er det ikkje hjå dykk.” seier Jesus og nå står initialane til ein konge over altertavla vårt. Kjente dei denne gangen ikkje dette verset? Det var sikkert ikkje kongen sjølv som plasserte initialane sine oppe på altertavla, men kunstnaren som laga alteret. Han ville sikkert hylle kongen fordi han sat pris på han. Diverre har han vel i entusiasmen sin ikkje sett at han plasserte kongen over den oppstandane. Vi har også mange engasjerte og entusiastiske menneske her. Og det er eg svært glad for. Nen når vi er engasjert er det også lett for oss å løfte eit menneske for langt oppe og å oversjå andre. Med at vi setter nokon lengre oppe setter vi nemleg samstundes også andre ned. Det er ikkje noko vi vil, men noko som berre skjer. Og det er mange situasjonar der slikt kan skje: Ein sjef eller bedriftsleier som vi setter pris på, politikarar  som også er menneske, eit lag som heier på, eit medlem av familien, for eksempel barn som er snill, eller ein predikant som vi setter særleg pris på. eller eller eller

Læresveinane ynskjer ikkje å setje ein anna ned dei ynskjer vel berre å værer Jesus nærmare. Men slik skjer det at dei skyver andre borte.

Og det har også skjedd på altertavla.

Men det er ein ting som hjelper meg: Oppe på krona over våpenskjoldet med initialane på er det eit kors. Sjølv om kongen som har fått plassera initialane sine så langt oppe, så er han og krona hans likevel under korset.

Og der er også vi. Sjølv om Christian den femte har våpenskjoldet sitt oppe på altartavla og vi sitt nede i kyrkja men alle er vi under korset

Vi alle trur  på han daude på dette korset for oss. Jesus tente oss med sin daud på korset. Han er ein tenar mellom oss og blant oss skal det difor gjelde: Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren.

Det er ikkje viktig kva nam som står øvst på tavla. Det som er viktig er at ikkje kranglar om kven som er viktigast og kven som har lov til å bestemme, men at vi hjelper kvarandre, at vi er tenarar for kvarandre og på denne måten fremjar guds rikje her på jorda. Dette kan også meine at vi passer på at vi ikkje setter ned vår neste med at vi setter meir pris på andre og hjelper kvarandre med det.

Over alt står korset - teiknet for forsoning. Jesus døde for syndene våre. Vi har får tilgjeving for dei og det skal også kunstaren som laga alertavla få. Og slik får den blir så fint som den er.