Preiketekst: Rom 9:1-5,10:1-4

Det eg no seier, er sanning; eg lyg ikkje! For eg talar i trua på Kristus, og samvitet mitt stadfester det i Den Heilage Ande. Eg ber på ei stor sorg og ei stendig liding i hjarta mitt. For eg skulle ynskja at eg sjølv var bannstøytt og skild frå Kristus, berre det hadde gagna mine brør og landsmenn. Dei er då israelittar; dei har barnekåret og Guds herlegdom, paktene og lova, tempeltenesta og lovnadene; deira er fedrane, og frå dei er Kristus komen som menneske, han som er Gud over alle ting, høglova i all æve. Amen.

Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste. For det vitnemålet må eg gje dei at dei brenn for Guds sak, men ikkje med skjøn. Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygt seg inn under rettferda frå Gud. For Kristus er endelykta åt lova, så kvar den som trur, vert rettferdig for Gud.

 

"Det eg no seier, er sanning; eg lyg ikkje! ! For eg talar i trua på Kristus, og samvitet mitt stadfester det i Den Heilage Ande. " Det Paulus skriv er ikkje enkelt å skrive for han. Og temaet han skriv om er ikkje blitt enklare med tida: Kristentrua og Israelsfolket. Dette temaet er eit vanskeleg tema og dette klarer å få folk til å krangle denne gongen slik som i dag. Men eg skal prøve:

Eg har her to symboler det eine er ei lysestake og det andre er eit  kors. Lysestaken med sju armar blir kalla for Menora. I andre Mosebok blir de fortalt at slike lysestakar hørte med til lovkista og i dag er det del av våpenskjoldet til staten Israel og eit symbol for jødane - folke Gud valte seg som sitt - Israelsfolket. Mange har dette symbolet også på bibelen sin. Andre har eit anna symbol der: korset.  På korste pleidde romarne å avrette forbrytarar. Likevel har det blitt eit symbol for ein som gjorde menneske rettferdig: Jesus Kristus. Og det har ikkje berre blitt eit symbol for han men også for alle dei som trur på han sin død og oppstode frå dei døde. Eg trur at Jesus er Guds son, men eg veit at at eg er eit menneske og at Guds vilje ofte er vanskeleg å forstå for meg. Diverre har kristne ikkje alltid vært like bevist på det. I namnet  til korset har kriste gjord seg skyldig overgrep og ennå meir alvorlege brotsverk overfor jødane. Og det var berre nokre få kristne i heimlandet mitt som har stod imot det som blir kalla for Holocaust eller shoa.   Det har blitt fortalt at gud har forkasta Israelsfolket og at det var dei jødane som drepa  Jesus.

Det var romarar  som nagla Jesus på korset. Det var overprestane som hjelp til, men det var neppe dei jødane som drepa han.  Uansett, han er ikkje død, han lever. Er ikkje det det vi trur?

Apostlane var jødar  frå Peter til Paulus. Og når han skriv: Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste. For det vitnemålet må eg gje dei at dei brenn for Guds sak, men ikkje med skjøn.

Så seier det mykje, men i alle fall ikkje at Gud har forlate eller forkasta folket som han valte seg ein gong i tida.

Jesus blei først og fremst sendt til Israelsfolket, men det er få som tok imot han der, og difor fekk også andre tilbod om lovnaden hans, difor fekk vi tilbod om guds nåde. Men dette meinar ikkje at lovnadene  Gud gav til Israel er gått ut på dato, dei gjeld fortsatt. Samstundes er Jesu død og oppstode, guds eit nytt tilbod for jødane og dette gjeld i dag slik som for 2000 år sidan. Men dette tilbodet gjeld ikkje berre for dei det gjeld også for oss:

 

Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygt seg inn under rettferda frå Gud. For Kristus er endelykta åt lova, så kvar den som trur, vert rettferdig for Gud.

 

Det vi trenger er å tru på den treeinige Gud, Fader, Son og Den Heilage Ande, ikkje noko meir og ikkje noko mindre, det er nok. Dette tilbodet gjeld ikkje berre for jødane men også for oss. Det for begge to. Da gud valte seg eit nytt folk forkasta han ikkje det gamle. Kors og Menora kan stå ved sidan av kvarandre og korset er eit tilbod for Menoraen. Guds lovnad gjelder oss og er også eit tilbod for jødane som har fleire lovnader frå før.  Men for alle gjeld: For Kristus er endelykta åt lova, så kvar den som trur, vert rettferdig for Gud.

 

Det som tel er at vi trur ikkje kva symbol vi har på bibelen vår, det er viktig at vi trur og ikkje at vi fordømmer andre.