Preiketekst: Matt 25:14-30

Jesus sa: Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent - etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet. Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.

Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: "Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til." Då sa husbonden til han: "Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!"

Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: "Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til." "Det var rett, du gode og trugne tenar!" svara husbonden. "Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!"

Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: "Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt." Då sa husbonden til han: "Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde. Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har. Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner."

 

Eg har lurt på kva eg skulle gjer med denne teksten. Eg har lurt på kva dokke skulle gjer med den.  Eg har lurt om eg skulle overlate ei krone til kvar og ein av dokke.  Men kva er det får for ein krone i dag. Sjølv eit krone is kostar meir i dag. Og det er heller ikkje kroner Jesus snakkar om: han snakkar om talentar. Talentar det var eit gresk mynt. Eit talent det var ca. 6000 Drahmer og dette var denne gongen meir enn ein enkel mann klarte å tene i løpet av 15 år. Og eg har ikkje femten årslønn som eg kan overlate til dokke. Eg har ikkje ein gong eit slikt talent. Men talentar det er heldigvis ikkje berre pengar. Ordet talent tyder også noko som både dokke og eg har. Eit anna ord for desse talentar er gåver. Og vi alle har fått gåver, vi alle har fått evner, kvar og ein av dokke er spesielt god på noko. Det berre ikkje all som veit kva gåve dei har fått.

Men det er mange som veit kva dei kan. Det er mange som veit kva gåver, kva talentar dei har. Talentane er ei gåve, men dei skal  bli brukt. Dei skal bli brukt ikkje for kva som helst eller kven som helst. Dei skal bli brukt for Herren. Herren vår er Jesus Kristus han daude for oss han er Gud son , han er den vi har fått gåvene, talentane våre ifrå.

Eg liker å sjå fotball, eg gler meg nå HaNo vinner, eg har ein båt, eg liker å gå tur og eg er interessert i politikk, men det er ikkje politikken, ikkje idrettslaget, ikkje småbåtlaget og ikkje fotballen som eg først og fremst skal bruke gåvene mine for. Det er først og fremst Gud  eg skal bruke talentane mine for. Det er mange talentar mange gåver som gud har gitt oss, men det er også mange oppgåver gud har for oss. Guds kyrkje her på jorda det er ikkje dei som jobbar der, ikkje presten, ikkje organisten, ikkje klokkaren, eller kyrkjetenaren. Kyrkja, det er alle dei som har fått talentar frå gud, alle dei som trur på Herren Jesus Kristus, Herren vi skal bruke talentane vår for. Det er ikkje pengane som er viktigast, men vi, det vi kan og det vi er.