9 su e pi

Heilage Gud, du som vaker over di kyrkje, vi takkar deg for alle som forkynner ordet ditt med truskap. Gjev oss å høyra Ordet, gjera etter det og stå imot alle som forfalskar det. Lat evangeliet lyda klårt og reint her hjå oss og til heimsens endar, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve.

 

Preiketekst: Matt 7:15-20

Jesus sa: Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein hausta druer av klunger eller fiken av tistlar? Eit godt tre ber god frukt, eit ringt tre ber ring frukt. Eit godt tre kan ikkje bera ring frukt, og eit ringt tre kan ikkje bera god frukt. Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. Difor skal de kjenna dei på fruktene.

 

Når eg er på tur med guten min, då stopper han ofte ved vegkanten og peiker på både det eine og det andre. Han peiker på blomster, på fuglar, på biler og på alle slags busker og bær. Han peiker på og jettar kva ein gjer med desse ting eller kva ein kan bruke dei til. Blomstane kan ein lukte på, fuglar dei syng piep piep, biler dei gjer brum-brum  og når han viser på busker med fine bær då gjer hen mhmmm mhmmm. Men diverre: Det er berre nokre få busker, han kan ete  bærene ifrå. Mange busker har ikkje så tydlege frukt, mens andre frukt er giftige.

Det er forholdsvis lett å sjå om ein busk bærer frukt eller ei. Men det er mykje meir vanskeleg å finne ut om ei frukt er god eller giftig. Det krev mykje erfaring og mykje kunnskap for å vite kva som er god, kva som kan etast, kva som er ufarleg  og kva som er farleg. Og ofte er det berre ein gong du kan velje feil. Det er trene og buskene som viser oss om det er eit plommetre eller ein solbærbusk eller om det er noko giftig.

Heller ikkje alt som blir sagt, heller ikkje alt som blir forkynt er god og nyttig, det kan også være farleg og giftig.

Då eg begynte å studere teologi lurte eg på kvifor eg skulle studere så lenge for å bli prest. Kvifor skulle eg studere i sju år. Eg kunne nå lese bibelen frå før og eg hadde preika før. Men eg studerte desse sju , åtte år. Og da eg blei ordinert til presteteneste i Haram kyrkje måtte eg love: Å forkynne guds ord klart og reint.

Og til dette trengs det både vaktsemd og kunnskap. Kunnskap skal det finnes i kyrkjelyden med at prestane må ha ei såpass omfattande utdanning, men vaktsemd derimot er ei oppgåve for heile kyrkjelyden. Eg veit om prester som seier at dei berre skal vise vegen og at dei ikkje treng å gå vegen sjølv. Slik skal det ikkje være: Ta dykk i vare for dei falske profetane! Seier Jesus han som daude for oss fordi vi er syndarar.

”Når du kjøm til eit trussamfunn” sa presten som konfirmerte meg. ”Når du kjøm til eit trussamfunn sjå om dei stiller seg under korset eller om dei prøver å kome forbi korset.”

Det kyrkjelyden sitt, forsamlinga si ansvar å være vaktsemd, å kome til gudstenesta og til andre møter og det er dokke som må lytte og passe på at det som blir forkynt verkeleg er guds ord. Og difor avsluttar vi preika med AMEN. Det er ikkje slik at dette skal sei til dokke: Nå er preika slutt. Nei det er dokke som skal svare på preika og om den verkeleg forkynner guds ord. Det er ikkje presten det er dokke som skal svare ”Dette er sant” eller på gresk AMEN. Og med dette skal eg slutten men det er dokke som må svare om det er forkynte til dokke verkeleg var guds ord.