Preiketekst: Luk 24:13-35

Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadier frå Jerusalem,

og dei tala med einannan om alt det som hadde hendt. Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei. Men dei var som synkvervde, så dei kjende han ikkje att. "Kva er det de går og talar om med einannan?" spurde han. Då stogga dei og såg sorgfulle på han, og den eine av dei, han som heitte Kleopas, svara: "Du må vera den einaste som er komen til Jerusalem og ikkje veit kva som har hendt der i desse dagane." "Kva då?" spurde han. "Det med Jesus frå Nasaret," svara dei. "Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket. Men overprestane og rådsherrane våre fekk dømt han til døden og krossfeste han. Vi vona at han var den som skulle fria ut Israel! Og no har det alt gått tre dagar sidan dette hende. Men nokre av kvinnene i flokken vår har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava, men fann ikkje lekamen hans. Dei kom attende og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever. Nokre av våre gjekk då ut til grava, og dei fann det nett så som kvinnene hadde sagt; men han sjølv såg dei ikkje."

Då sa han til dei: "Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! Laut ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?" Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hjå alle profetane.

Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, lest han vilja gå lenger. Men dei nøydde han og sa: "Ver hjå oss! Det lid mot kveld, og dagen hallar." Då gjekk han inn og gav seg til hjå dei. Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. Då vart augo deira opna, og dei kjende han att; men han vart usynleg for dei. Då sa dei til einannan: "Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og lét opp skriftene for oss?" Og dei tok ut med ein gong og gjekk attende til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla, og desse sa: "Herren er sanneleg oppstaden og har synt seg for Simon." Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.

 

 

Veit du kven du er på veg i lag med? Det er ikkje altid så lett å vite kven du møter når du først gjer deg på vegen. Og når du er på veg er det få som går heile vegen i lag med deg, men mange som blir med deg eit stykke - eit lengre eller eit kortare.

Slik som desse to læresveinane er vi på veg. Vi er litt lei og har ei trist kjensle i magen. Vi har mista ei vi var glad i og som vi var i lag med på vegen. Også læresveinane har mista ein dei var glad i - Jesus er borte. Dei er i uro og undring Dei trudde at Jesus var den nye kongen dei hadde venta på i generasjonar, men nå var han død. Dei trur ikkje på det kvinnene seier. Dei er på veg borte frå Jerusalem. Kanskje dei er på veg heimat eller dei treng rett og slett ei tenkjepause. Og så møter dei ein på vegen. Dei kjenner han ikkje, men dei møter han og snakkar med han. Dei går eit stykke i lag og dei ber han om å bli hos dei denne kvelden. Dei har snakka mykje med han men dei skjønte ikkje kven han var. Først då han takker for maten og brytar brødet, husker dei:"Ta dette og et det! Dette er min lekam." og  "Drikk alle av den! Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene." (Matt 26:26-28) Dei skjønner at det er Jesus dei møter og at han er oppstanden.

Dei hadde ikkje lengre rekna med å møte han igjen, men nå er han oppstanden. Og dette skal gi oss håp når vi dag tar avskjed med eit menneske som vi gjekk  eit stykke i lag med på livsvegen vår. Dei som trur på Jesus Kristus og hans oppstode få møte kvarandre igjen. Ikkje her på jorda, men livsvegen vår er lengre. den er lengre enn denne etappen her på jorda.

Jesus Kristus er oppstanden. Dette er kjernen i det kristne budskapet og trua på det samlar oss. Det er det vi feirar i kyrkja kvar oppstodedag, kvar søndag. Det er denne trua som sameinar oss. Og viser oss at vi er på veg ikkje kvar for seg men i lag. Og då kan vi hjelpe når vegen blir trong og farleg. Og så veit vi at Jesus er med oss alle dagar så lenge verda stor og også utover dette.

Jesus Kristus er oppstanden, han er sanneleg oppstanden og det gjeld: Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.