Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt på og skylde nøtene. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten.

Då han hadde halde opp å tala, sa han til Simon: "Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk." "Meister," svara Simon, "vi har streva i heile natt og ingenting fått. Men på ditt ord vil eg kasta nota." Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at nota heldt på å rivna. Dei vinka til lagsmennene i den andre båten, at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: "Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann." For både han og alle som var med han, var fulle av undring over all fisken dei hadde fått. Like eins var det med Jakob og Jo-hannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: "Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!" Så rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han.

 

Då eg sat på prestekontoret og skulle skrive ei preike over denne teksten såg eg ut over småbåthamna og tenkte på den siste fisketuren min tenkte eg først: det var dumt at eg kom heimat utan fisk. Eg hadde ikkje trengt fulle nota, men to tre torsk og litt sei det hadde vært greitt nok.

Men eg trur ikkje at det er det denne forteljinga  handlar om. : "Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!" Dette er kjernen i denne forteljinga. Og den er ikkje berre sagt til dei første læresveinane, den er også sagt til oss. Vi -, eg skal være menneskefiskar. Eg kan godt innrømme at eg i utgangspunktet ikkje får det beste humøret når eg tenkje på dette. Eg er ingen god fiskar. Når eg allereie lukkar så lite med fisken korleis skal eg da lukke med menneske?

Men heldigvis er det ikkje berre fiskarar Jesus har bruk for. Det er snikkarar, andre handverkarar, bønder, lærar, leger og til og med prestar som han har bruk for. Vi skal tene han, han ynskjer å bruke oss. Vi skal være verktøyet hans her på jorda. Og det er mange oppgåver han trenger folk til. Han trenger folk til å besøke sjuke og gamle. Han trenger folk til å fikse eit kyrkje- eller bedehustak. Han trenger folk til å vakse kyrkja eller spele til sangen. Han trenger folk til å drive søndagsskule , ti å organisere eit alphamøte eller til å lage mat.

Ingen handverker har berre ein hammar i verktøykassa si. Det er mange forskjellige slags verktøy han brukar. Vi skal være Jesu verktøy her på jorda  og slik som ein handverker trenger mykje verktøy., trenger Jesus mange som fremjar rikje hans her på jorda. Du trenger ikkje å kunne stå framom ei stor forsamling. Jesus, Gud har oppgåver som passar til alle. Og det hadde blitt trongt her framme viss alle ville stå her. Men den treeinige Gud  trenger mange og har oppgåver til alle. Alle vi alle skal være med på å fremje Guds rikje her på jorda. Det er mange verktøy, mange menneske han trengjer til å opprette rikjet sitt her på jorda. Han vill bruke oss deg og meg oss, alle. Og viss du lurer på kan som kan være ei oppgåve for dei, så kan vi hjelpe dei med dette:

 

Matt 9:37

"Grøda er stor, men onnefolka er få." Det er bruk for alle, men det er ikkje alle jobbe det, men det er det Jesus utfordrar oss til: Vi skal tene han, vi skal stille oss til hans disposisjon  til tross for tidsklemma. Vi er verktøyet hans her på jorda, men det nyttar lite viss verktøyet gøymer seg i verktøykassa. Verktøyet må brukast.

Jesus gjekk opp på korset for oss og nå vil han bruke og difor skal vi prøve å gjer tid fri til å tene han slik som vi kann.'