Jesus sa: Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag. Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår. Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans.

Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg og vart gravlagd. Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans. Då ropa han: "Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen." Abraham svara: "Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt. Og dessutan er det ein avgrunn mellom oss og dykk; ingen kan koma herifrå og over til dykk, om dei så ville, og ingen kan koma frå dykk og over til oss."

Då sa den rike: "Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden." Men Abraham sa: "Dei har Moses og profetane; dei kan høyra på dei." "Nei, far Abraham," svara han, "men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om." Då sa Abraham: "Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde."

 

Er det nokon her som veit kva vi pleier å gjer i gudstenesta etter kunngjøringane? Og kva gjer vi etterpå ? …..

Veit dokke kvifor vi gjer dette? Det er ein bøn som skal minne oss på det? Husker nokon av dokke denne bøna? Eg ber den så ofte og likevel kan eg den utenat. Eg treng ein liten jukselapp:

 

L: Herre Gud, himmelske Far,

di er jorda og det som fyller henne.

Alt det vi eig, høyrer deg til.

Signa desse gåvene, så dei kan verta til gagn for ditt rike og for vår neste,

ved Jesus Kristus, vår Herre.

 

Når Jesus fortel om Lasarus og den rike mannen, vil han minne oss på å dele det vi har.

Er dokke flinke med å dele? Kva kan vi dele? … Pengar, godteri, tid ….

Eg har ein heil flokk - 5 sysken, både ekte og stevsysken og så har eg mange venner. Eg var ikkje særleg flink å dele men syskena og vennene mine har lært meg det.

Men eigentleg har mykje meir sysken. Eg er døypt, eg er guds barn, og det er også alle andre som er døypt. Difor er dokke alle mine sysken. Og når Jesus fortel om Lasarus og den rike mannen og når seier: Luk 10:27

"Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv." meinar han at vi skal passe på kvarandre, at vi skal hjelpe kvarandre og at vi skal dele med kvarandre. Og difor har har eg lyst til å dele noko med dokke