Preiketekst: Luk 1:50-53

Guds miskunn varer frå ætt til ætt

for dei som har age for han.

 

Storverk gjorde han med sin sterke arm;

han spreidde dei som bar på hovmodstankar,

 

og støytte stormenn ned frå trona,

men lyfte dei låge opp.

 

Han metta dei svoltne med gode gåver,

men sende dei rike tomhendte bort.

 

 

Det er typisk norsk å lese avis. Og derfor har også eg sørja for at det er minst ein avis som ligg på kjøkkenbordet når eg kjem heimat. Og når eg har leika litt med guten min og setter meg ned i sofakroken for å lese avisa, då legg eg merke til ein ting til: Vi her på berget er flinke. Vi er veldig flinke. Vi er veldig flinke i å klage. Vi klager på alt vi meiner er urettferdig. Vi klager over været, over myndigheitene og over mykje meir. Og

Når du les avisa synes det som om det er mange og store problemer. Og dei som skriv om det meiner sikkert også at dei er det. Og det er også god at vi ynskjer at ting skal bli betre.

Eg veit ikkje om eg som på ein måte er gjest i dette landet har lov til å setje spørsmålsteikn bak ting her i landet?

Eg har lyst til spørje: Kva er det vi feirar i dag?

Har du ein gong prøvd å lese avisa med øyene til ein anna? Har du tenkt på korleis det er for eksempel for ein asylsøkjar å lese same avisa? Og du treng ikkje å reise langt for å finne ein slit med verkeleg store problemer og som har all grunn til å klage, men som ikkje ar tid til det. Ein som ikkje har som mål å auke velstanden eller sikre velstanden sin. Ein som slit med å halde seg  i livet, med å sikre eksistensen sin. Har du tenkt på kor det ville verke når eg tok avisa med meg til Gaza i morgon? Kan ikkje klaginga vår verke litt hovmodig? Gløymer vi i all klaging alt det gode vi har fått. Husker vi å takke Gud. Husker vi å takke han som har gitt dette landet med all sin velstand?

Vi er flinke i å klage, men vi er dessverre ikkje like flinke i å takke. Og vi har god grunn til takke. Vi har god grunn til å takke gud for dette fantastiske landet som han har gitt oss.

 

No takka alle Gud

med hjarta, munn og hender,

som overmål av godt

så ufortent oss sender,

som heilt frå fyrste stund

til oss har nådig sett,

og alt som me treng til,

så rikleg oss har tétt.

 

Det har vi synge og vi har meir enn nok grunn til takke han for dette fantastiske landet. Noreg med fjord og fjell, øyane og havet, by og bygd , olje, gass og vannkraft. Gud har signa dette landet så rikeleg og ufortent at vi har grunn til å feire ein  takkefest. Vi har det godt og dei fleste veit det at vi har det godt, vi gløymer det berre  alt for ofte. Det er det eg har lyst til å minne oss om at vi har så mykje å takke Gud for. Og det er det dagen i dag skal være: Ikkje ein fest der vi feirar oss sjølv, men ein takkefest, der vi takker Gud for dette fantastiske landet. Og på denne måten ynskjer eg og sei: Takk for dette fantastiske landet og ein god 17. mai.