Preiketekst: Joh 15:26-16:4

Jesus sa: Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg. Men de òg skal vitna, for de har vore med meg frå det fyrste. Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall. Dei skal støyta dykk ut or synagoga. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste. Og alt det gjer dei av di dei korkje kjenner Faderen eller meg. Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.

 

 

På søndag er 60 år sidan den andre verdskrig slutta i Europa. Tyskland kapitulerte. Fire veker før, den 11. april 1945, kapitulerte tyskarne i Weimar og i det som låg på ein bakke, Ettersberg, ikkje ein gong ein mil frå byen: Konsentrasjonsleiren Buchenwald. Innbyggarane hadde protestert då leiren skulle få namnet "Ettersberg" fodi då kunne det minne Dikterfyrsten Johann Wolfgang von Goethe som skreiv eit kjent vårdikt der oppe. Innbyggarane protesterte mot namnet, ikkje mot sjølve leiren. Weimar er på ein kulturby og slik fekk leiren eit anna namn og folket valte å ignorere leiren. Dei valte å ignorere massemordet og umenneskeleg forhold. Dei valte å ignorere at menneske blei både kjørt og seinare også jaga gjennom byen som dyr.

Då Amerikanarane frigjorde leiren, spurte dei folke i byen om dei ikkje visste kva som hadde skjedd i leiren. Svaret dei fekk var: Nei! Folket hadde ignorert leiren fullstendig. Amerikanarane tvang då mange  frå byen til å sjå på leiren, til å sjå elendet, til å sjå sanninga rett inn i øyane. Det vart eit sjokk for byen, og fram til i dag er det mange som ikkje liker å snakke om denne delen av byens historie.

 

Sanninga er sjeldant behageleg. Sanninga kan få oss til å teie. Og sanninga skal bli sagt. Men sanninga må ikkje berre seiast den må og formidlast, for den er vanskeleg å begripe. Og det er det Jesus gjer. Han seier sanninga at han er Guds son, at vi skal følgje han og at han døyr for oss. Han seier også kven som kjem til å formidle den: Sanningsanden - Den Heilage Ande. Og når ein vel å ta denne sanninga på alvor er den ikkje behageleg. Ikkje for læresveinane og ikkje for oss.

 

Og sanninga kan også frigjere oss: Vi slipp å passe heile tida på at vi ikkje seier noko galt. Vi kan snakke  og handle frimodig. Og det er det sanningsanden skal få oss til: Å vitne om at Jesus Kristus er Guds son og at han er oppstanden. Han er oppstanden for oss og har gitt oss eit nytt håp.

Og vi kan vitne om dette på mange måtar: med ord men også med ei hand som hjelper eller med eit smil.

AMEN

 

Michael Hoffmann