Alle menneske er som graset, og all deira herlegdom som blomen på marka. Graset turkar bort, og blomen visnar når Herrens ande blæs på dei; ja, i sanning, folk er som gras. Graset turkar bort, og blomen visnar, men ordet frå vår Gud står fast til evig tid.

Jes 40:6-8

 

"Tenk deg at eg skulle bli nitti år. Tenk deg. Og eg har levd eit rikt liv, nå er det vel snart tid til gå. Men det hadde vøre artig å bli her ei stund til for å sjå korleis det gjekk. Men i er ikkje komen i lag og vi skal ikkje reise i lag. Vi veit ikkje når vi skal gå men vi veit at vi skal gå. "

Petter eg håper eg har sitert deg sånn nokolunde rett. Eg husker ikkje så nøye korleis du sa det, men eg husker kva du sa. Og det er mykje visdom i det.

 

Alle menneske er som graset, og all deira herlegdom som blomen på marka. Graset turkar bort, og blomen visnar når Herrens ande blæs på dei; ja, i sanning, folk er som gras. Graset turkar bort, og blomen visnar, men ordet frå vår Gud står fast til evig tid.

Jes 40:6-8

 

Vi  veit at vi ikkje er komen i lag og vi veit at vi reiser heller ikkje i lag frå denne jorda. Vi veit at tida vår her på jorda er avgrensa. Vi skal oppleve ein vår, ein sommar og ein haust i livet vårt. Men ingen av oss veit kor lenge han lever.

Vi har ein vår i livet vårt: I barne- og ungdomstida synes livet ofte for langt til å tenkje på at det skal slutte ein dag. Om sommaren, i blomstringstida, den beste alderen har vi ofte alt for travelt. Og hausten, alderdommen kan lett blir kortare enn vi forventar eller vi blir så opptatt med sjukdomane våre at vi ikkje klarer å tenkje på det. Men tid vår her på er avgrensa. Vi er menneske vi lever ikkje evig, vi er om graset og blomen: Graset turkar bort, og blomen visnar. Livet vårt her på jorda er avgrensa av tid og rom.

Men det er ein ikkje er fangen av desse grensene. Han som har sørja for at nettopp vi blei til, han som vi døyper borna våre til. Gud vår skapar  er ikkje avgrensa av tid og rom. Men han blei menneske, gjekk inn i desse avgrensingane. Gud blei menneske, han blei avvist, fornekta og svikta, han gjekk gjennom liding og død for oss. Han gjorde det for å opne oss ein veg i røynda sin.

Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

Når vi trur på Jesus Kristus, Guds Son. Når vi trur at Gud har blitt menneske i han er døden her på jorda ikkje slutten av livet. Det er ein avskjed frå ei røynd og ein overgang i ein ny røynd. Og der hjå gud skal vi oppleve ein ny evig sommar og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. Åp 21,1-5a (II-G).

Eg veit ikkje heilt nøyaktig korleis det blir der, men eg veit at når vi berre trur på Jesus Kristus blir det bra. Det ikkje viktigast om vi trur lite eller mykje, svakt eller sterkt, men att vi trur. Når vi trur er døden her på jorda ikkje slutten men berre ein avskjed, ein overgang og kanskje få da også sjå "korleis det gjekk".

AMEN