1 Mos 1:27-31

Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei.  [28] Og Gud velsigna dei og sa til dei: "De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og

alle dyr som det kryr av på jorda!"  [29] Og Gud sa: "Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk.  [30] Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde." Og det vart så.  [31] Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og sjå, det var overlag godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.

 

 

Gud vår skapar. Dette bildet verkar i dag umoderne og uaktuelle for mange. Det passar ikkje inn i realitetsbildet vårt. Då er det mykje enklare å tenkje seg big bang, evolusjon, genetikk og erosjon. Det er blitt så vanskeleg berre å tenkje seg ein Gud, ein skapar som er større en naturvitskapen. Vi kan ikkje tenkje oss noko som står utanfor vår oppfatning av røynda. Det som ikkje passer inn i systemet det finnes ikkje. Slik er det berre i dag.

Det er vanskeleg å tenkje seg ei anna røynd enn røynda vi lever i og røynda vi klarer å fatte med tankane våre. Det er nesten umogleg å regne med at guds røynd er større enn røynda vår, ei røynd utanom avgrensingar gjennom tid og rom. Det er umogleg å fatte Gud og det er umogleg å fatte guds røynd. Då Gud blei menneske fekk menneskene sjå eit glimt av Guds røynd. Men alt for ofte måtte Jesus sei "Dokke klarer ikkje å fatte det." Og vi klarer ikkje å fatte det. Men det er også andre ting som eg ikkje klarer å fatte: Då eg kom til vestlandet for første gong fekk eg hovudpine då eg såg alle dei flotte fjell og fjordane. Eg klarte ikkje å fatte havet og øyane, den flotte naturen som gud har skapt her. Eg klarer ikkje å fatte at alt dette skal har oppstod berre på grunn av mange tilfelle. Eg vil ikkje nekte at det kanskje er noko som big bang, evolusjon, genetikk og erosjon, men det må være eit forskjell mellom handverker og verktøyet. Det må være noko større, ein skapar som står bak dette.

Og det er uheldig når vi fornektar det. Om Jesus står det Joh 1:11 " Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. " Det er uheldig viss folk lever som om dei eigde ting som dei faktisk ikkje eig. Det er uheldig når menneska ser på seg sjølv som eigaren av jorda og alt det som er og lever her. Menneska ser på seg sjølv som eigaren og ikkje forvaltaren. Eigaren kan øydelegge det han eig, han kan, men han trenger ikkje å ta vare på eigendommen sin. Han er ikkje pliktig til å leggje  fram rekneskap. Forvaltaren derimot eig ikkje godset, han må ta vare på det han forvaltar og han må leggje fram rekneskap for det han har gjort.

" Og Gud sa: "Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Dei skal vera til føde for dykk.  [30] Og alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle dei grøne plantene til føde." Og det vart så."

Vi er berre forvaltarar for guds skaparverk og vi skal leggje fram rekneskap for det vi har gjort. Vi er forplikta til å ta vare på skaparverket hans.  Vi er forplikta til å ta vare på desse fjell, vi er forplikta  til å ta vare på Øyane våre og forplikta til å ta vare på havet. Og når vi gjer eller tillet inngrep så må vi kunne leggje fram rekneskap for det: Kvifor gjorde vi det? Var det den beste løysninga? Har tenkt nok ikkje berre på oss sjølve men også på alle planter som set frø, alle dyr på jorda, alle fuglar under himmelen og alt som kryp på jorda, alt som har livsande?

 

Det som viktig i dag er ikkje korleis guds skapning blei til, men at det er Gud skapning og at vi berre er forvaltarar og i ikkje eigarar. Og slik skal vi også oppføre oss.