Preiketekst: Joh 16:5-15

Jesus sa: No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: "Kvar går du av?" For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: Synda er at dei ikkje trur på meg; retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

 

Ser du klart? Jesus snakkar ikkje akkurat klart i denne teksten. Han snakkar om at ting skal bli klart, men han brukar ganske vanskelege ord.

Men noko er likevel klar for meg: Jesus skal bli borte frå jorda og tilbake i himmelen. Det seier han til læresveinane. Han skal borte men han skal sende noko eller nokon til læresveinane som gjer ting klart for dei.

Han bruker forskjellige ord om det eller den han skal sende: talsmann eller sanningsande og presten snakker av og til om Den Heilage Ande. Men uansett kva ord ein brukar, det er vanskeleg å sjå klart kva han skal sende oss. Og det han skal sende oss skal til å med for å gjer ting klart for oss? Det er vanskeleg å førestille seg.

Når eg skal sjå noko klart er det viktig at eg har brillene mine på meg. Og det nyter ikkje viss eg bruker gamlebrillene min, nei eg må bruke dei rette.

Det er ganske lite eg ser klart når eg ikkje har brillene på meg og det blir ikkje mykje betre når eg har feil brille på meg.  Eg må ha dei rette brillene med meg og eg må bruke dei. Eg er ingen vits i å være forfengeleg og å ikkje bruke dei. Har du briller skal du bruke dei rette til å sjå klart.

Slik er det også med Den Heilage Ande som Jesus vil sende oss. Vi har fått han i dåpen, men  vi må bruke han med. Vi må gi han rom. Når vi tenkjer om ting ein gong til og spør : Kva er det gud vil eg skal gjer ? Då kan han hjelpe oss til sjå ting klarare. Det meiner ikkje at alt blir klart på ein gong.  Eg klarer sjølv med dei beste brillene heller ikkje å sjå Grønland frå Fjørtofta eller kva han Robert gjer på Svinøy fyr. Men det blir klarare  med brillene og med Den Heilage Ande når vi bruker dei.

Og når vi brukar Den Heilage Ande og spør: Kva er det Gud vil, då blir det i alle fall klart for oss at:

 

Synda er det når vi ikkje stoler på Gud, og når vi ikkje trur på Jesus.

Jesus har rett, han kan frikjenne og han kan døme fordi han har sona straffa for alt som går galt i livet vårt på langfredag før han stod opp og for opp til himmelen.

Og fordi han vil frikjenne dei som trur på han har det vonde ikkje lengre makt over oss, den vonde i denne verda er dømd.

 

Og gjennom sanningsanden, Den Heilage Ande,  skal Jesus gjera dette og konsekvensane av dette klart for oss. Men vi må bruke den Heilage Ande slik som vi må bruke brillene. Vi må bruke han og spør : Kva er det Gud vil eg skal gjera? Kanskje vi ser ikkje alt heilt klart med ein gong, men vi ser klarare etterkvart.