Jesus sa: "Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om ei lita stund att skal de få sjå meg."

Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: "Kva meiner han med det som han seier til oss: Om ei lita stund ser de meg ikkje, men om ei lita stund att skal de få sjå meg, og: Eg går til Faderen? Kva tyder dette: om ei lita stund? Vi skjønar ikkje kva han talar om."

Jesus visste at dei ville spørja han, og han sa: "Talar de om det eg sa: Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om ei lita stund att skal de få sjå meg?

Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: De skal gråta og jamra dykk, men verda skal gleda seg. De skal syrgja, men sorga skal vendast til glede.

Når ei kvinne skal føda, er ho ottefull av di tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hadde det, så glad er ho fordi eit menneske er født til verda. Sameleis er det med dykk. No er de sorgfulle, men eg skal sjå dykk att. Då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda frå dykk."

 

Er alt klart for dokke? Forstår dokke kva Jesus seier: "Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om ei lita stund att skal de få sjå meg.". Det er ganske forvirrande. Det er god grunn til at læresveinane er usikker og spør: "Kva meiner han med det som han seier til oss: Om ei lita stund ser de meg ikkje, men om ei lita stund att skal de få sjå meg, og: Eg går til Faderen? Kva tyder dette: om ei lita stund?" Jesu ord, Guds ord er ikkje alltid så lett å forstå. Det er ofte ganske kryptisk og vanskeleg tyde. Særleg vanskeleg å forstå og å tyde er det ofte når det snakkar midt in i livet vårt. Det er ingen står kunst å tyde i etterkant, men det er ei gåve å forstå Guds ord her og nå.

For oss som lever etter påske er det ikkje så vanskeleg å tyde jesu ord. Han snakkar om at han skal bli krossfest, at han skal dø, at han skal gravleggjast og at han skal oppstå. For oss er det klart, men for dei som lever der og då er ofte mykje meir vanskeleg å fatte det Jesus seier. Når det ikkje har noko med deg sjølv å gjer er det enkelt å forstå, men når det gjeld deg, når det rører ved ditt innerste, då blir det vanskeleg.

Men det er det guds ord vill: å røre ved ditt innerste. Guds ord gjeld deg. Og det gjer også Jesu liding, død, og oppstode. Jesus Kristus er oppstod, ikkje for sin eigen del, men for meg, for deg, for oss alle her.

Jesus  har gjort det som ein gåve for oss. Ikkje noko som vi kan fortene oss, men noko som vi kan få likevel. Men denne gåva er ikkje heilt ufarleg. Når du tar den imot er det noko nytt som byrjar for deg. Eg har sjølv oppdaga at det er eit nytt liv eit anna begreip for realitet ein kan oppdaga. Men det meinar ikkje at nå er alt klart, det meiner ikkje at elle smerter er borte. Tvert imot når ein våger å byggje livet sitt på Gud og hans ord vil ein oppleve mykje tvil og mykje anna enn klårleik ,  ein vill oppleve også mykje sorg og smerter. Men vi er ikkje lengre åleine.  Han som dei såg  ikkje lenger, og som dei fekk sjå att om ei lita stund. Jesus Kristus, han har lova å være med oss så lenge verda står. Av og til kan det verke som om han har gøymd seg, men han er der likevel. Han er med oss for å leie oss, for å hjelpe oss og for å støtte oss.

Han er Gud og han vil møte oss med sitt ord. Og det er ofte ikkje så behageleg, men det kan hjelpe oss og gjere oss glade. Og eg vil utfordre dokke: les Gud ord med opent sinn, lytt på det, sjølv om det kan få deg til å sørgje  å til å oppleve smerte. Men du vil etterkvart også oppleve mykje glede. Og når er uklart skal det være ein ting som er klart.

Hann er oppstanden, han er sanneleg oppstanden. Han er oppstanden for oss. Han er oppstanden og vi skal oppstå.