Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: "Fred vere med dykk!" Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine

og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. Atter sa han til dei: "Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk." Med desse orda anda han på dei og sa: "Ta imot Den Heilage Ande! Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne." Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje i lag med dei andre læresveinane då Jesus kom. "Vi har sett Herren!" sa dei til han. Men han svara: "Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans."

Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: "Fred vere med dykk!" Så seier han til Tomas: "Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!" "Min Herre og min Gud!" sa Tomas. Jesus seier til han: "Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser og endå trur."

Jesus gjorde mange andre teikn for augo på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka. Men desse er oppskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.

 

 

Eg har i dag tenkt å vise dokke noko som dokke aldri har sett før. Trur dokke at eg kan det? Trur dokke det? Ingen av dokke har nokon som helst bevis at eg skulle kunne det. Så dokke kan tru på det eller dokke kan la være. Dokke kan stole på det eg seier eller ikkje. Men det er det tru er: Å stole på noko. Det er enkelt å tru noe når vi ser det, når vi kan begripe det. I vår kultur er det vel sånn at vi trur på det vi får svart på kvit, det trur  vi på. Men viss vi berre høyrer noko er vi ganske skeptisk. Vi trenger noko å sjå på. Slik kan tru være. Men slik er den ofte ikkje så veldig rotfast. Les du det eine så trur du men når du les noko anna så tviler du. Høyrer du derimot noko frå ein person du kan stole på og du trur på det er det  vel få som kan få deg til å tvile.

Og Jesus er for meg absolutt ein person til å stole på. Han har sagt til læresveinane at han kjem til å stå opp slik skjedde det. Men det er få som trudde på orda hans med ein gong. Dei ville sjå han, dei ville begripe han. Til Tomas seier han: "Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser og endå trur. " Læresveinane hadde mellom Påske og himmelferd moglegheita til å sjå Jesu. Vi har ikkje den. Vi har berre den eine moglegheita: Å stole på han og hans ord. vi klarer  ikkje å "sjå naglemerket i hendene hans og (å) leggja fingeren i det og (å) stikka handa i sida hans". Vi kan berre stole på, berre tru, at han tok på seg alt det er til hinder for at vi skal kunne kome til gud, syndene våre, at han døde og at han stod opp att. Vi kan berre tru at han gjorde det for oss av nåde. Dette er ikkje å begripe, ikkje å fatte, dette får du ikkje svart på kvit med stempel på.

Han sa Joh 11:25 "Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr." Det er det berre å høyre på og å tru.

Jesus er ein person som vi kan stole på heilt og fylt. Sjølv om vi klarer å sjå han så kan vi likevel møte han og oppleve at det han har sagt er sant: Matt 28:20 "Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.". Vi har lov til å tvile på han i blant, men han er ingen luring. Han kan vi tru på, kan vi stole på, heilt og fylt. Han er den oppstandane, Guds son.

Jesus seier at vi har fått tilgjevne syndene våre, i dåpen har vi og fått den Heilage Ande og at vi kan tilgje synder. Vi er reine fordi han har vaska os reit med blodet sitt, av nåde.  Syndene våre er der fortsett, men dei tel ikkje lengre. Dei er tilgjevne av nåde. Vi kunne ikkje gjer noko som helst for det, men vi kan stole på han. Vi kan tru på han.

Med meg er det annleis. Er eit menneske, eg er synder, eg kan tar feil. Det er ikkje alle som ser på meg som nokon veldig truverdig. Likevel skal eg vise dokke noko dokke aldri har sett før. Har dokke sett det indre av dette epple før? Nå skal dokke få sjå det.

Eg bruker triks, det treng ikkje Jesus han er den levande guds son som stod opp for oss, det er det berre å stole på, sjølv om det kan være vanskeleg av og til.