Preiketekst: Matt 26:17-29

Fyrste dagen i usyrdebrødshelga kom læresveinane til Jesus og spurde: "Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?" Jesus svara: "Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: Meisteren seier: Tida mi er nær; hjå deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine." Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og stelte til påskemåltidet.

Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv. Medan dei åt, sa han: "Sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg." Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: "Det er vel ikkje eg, Herre?" Jesus svara: "Ein som har duppa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. Menneskesonen går nok bort som det er skrive om han; men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født." Då spurde Judas, han som sveik han: "Det er vel ikkje eg, rabbi?" "Du har sjølv sagt det," svara Jesus.

Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane og sa: "Ta dette og et det! Dette er min lekam." Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: "Drikk alle av den! Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene. Eg seier dykk: Her-etter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min."

 

Kven sitter du til bords med når du skal ha fest? Familien din? Vennane dine? Er det folk du stoler på og folk du er glad i? Men er du sikker på at du kan ståle på dei? Er du sikker på at dei ikkje sviktar deg?

Jesus samler læresveinane sine rund seg. Han er glad i dei. Han veit om den tunge vegen som ligg framom han. Han veit at det som kjem vil bli umenneskeleg. Då er det godt å være ilag  med folk ein er glad i. Det er godt å ikkje være aleine denne dagen. Det er godt å dele brød og vin med dei, sjølv om det vil bli til legeme og blod dagen etterpå. Det er godt for Jesus å være i lag med læresveinane. Det er godt å ha dei samla rund seg, sjølv om han veit at alle som ein kjem til svikte han. Judas kjem til å utlevere han til øverprestane, andre kjem til å søve mens han ber, Peter fornektar han tre gonger og dei andre springer frå han og gøymer seg når han. Nei desse er det ikkje å stole på. Dei kjem til å svikte han. Men likevel er han gla i dei. Likevel feirar han påskemåltidet, nattverden i lag med dei. Jesus har sagt: Matt 9:13 "Det er miskunn eg vil ha og ikkje offer. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar." Det er ikkje dei perfekte han ynskjer å møte. Ikkje dei som er så rettferdige og perfekte at dei er handlingslamma. Det er syndarane han er ute etter. Han er ute etter dei som prøver og feiler. Han er ute etter ekte menneske. Han er ute etter oss. Han veit at vi sviktar han. Han veit at vi gjer feil, men han kallar oss. Vi skal være læresveinane hans, vi skal være verktøyet hans er på, vi skal prøve å fremje han rike her på jorda. Vi skal spreie glimt av ein ny røynd, hans røynd. Han veit at vi kjem til å svikte han. Han ynskjer å tilgi oss. Og difor har han gitt oss gåver og oppgåver. Og heldigvis har ikkje alle fått dei same. Det er heldigvis ikkje alle som snakkar, men også mange som gjer ting. Folk som er med i barne- og ungdomsarbeidet, som syng og spel i gudstenesta, som er med på alpha, som lager mat, som hjelper med oppmuntrande ord, som les høgt frå avisa for ein som ser dårleg ….osv. osv. Det er mange gåver og oppgåver.

Jesus veit at vi sviktar han. Men likevel ynskjer han å være i lag med oss. Han inviterer oss til boret sitt. Til alteret. Nattverdbordet, Jesu bord er ingen premiebord., det er eit gåvebord og til dette inviterer han  oss. Vi, dokke alle er velkomne ved Herrens bord.

 

Bjørn Eidsvåg: Kyrie