2 Krön 1:7-12

Same natta synte Gud seg for Salomo og sa til han: "Sei kva du vil eg skal gje deg!"  [8] Salomo svara: "Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han.  [9] Så lat det no, Herre Gud, gå som du lova David, far min! For du har gjort meg til konge over eit folk som

er talrikt som støvet på jorda.  [10] Gjev meg no visdom og skjøn, så eg kan vera førar og leiar for dette folket. For kven kunne elles styra dette folket ditt, så stort som det er?"

[11] Då sa Gud til Salomo: "Sidan det var dette som låg deg på hjarta, og du ikkje bad om rikdom, gods og ære eller at fiendane dine skulle døy, og du sjølv måtte få leva lenge, men bad om visdom og skjøn, så du kan styra folket mitt som eg har sett deg til ko [12] så skal du få visdom og skjøn. Men eg vil òg gje deg så mykje rikdom, gods og ære som ingen av kongane før deg har hatt, og ingen etter deg kjem til å få."

 

Det er nesten eit år sidan dokke var her for å skrive dokke inn for konfirmantopplæringa. Dokke visste vel kven eg var og eg hadde kjapt nok hørt namna dykkar. Det er litt vemodig for meg å stå her i dag. Eg  har nesten ikkje lyst til å konfirmere dokke. Ikkje fordi dokke var slemme eller har erta meg. Tvert imot: Dokke var så snille som det går an for unge voksne. Eg har blitt så glad i dokke og det at dokke er med i gudstenestene at eg er redde for at dokke skal bli borte. Eg er redde for at det skal bli slik som med to prestar som snakka om korleis dei hadde blitt kvitt flaggermus i kyrkja si. Og sei den eine til den andre: " Eg har konfirmert mine og aldri sett dei igjen. " Eg håper at det ikkje blir slik med dokke. Eg håper at vi blant anna med konfirmantopplegget klarte å lagen en veg for dokke - ein veg inn i kyrkja, som eit samfunn av dei truande, og ikkje ut av den. Vi har prøvd å vise dokke at eit liv med tru på Gud og Herren Jesus Kristus er eit betre liv og ikkje nokon tvangsjakke.

Ëg kjem til å konfirmere dokke og eg må nok rekne med at dokke kjem til litt færre gudsteneste og andre møter enn dokke. Men viss dokke har nokre ideer om korleis vi kunne gjer gudstenesta meir interessant for dokke, eller kva vi skulle gjer for dokke eller eingong barna dykkar ikkje vær redd for å ringe eller sende ei tekstmelding. Mobilnummeret mitt står i telefonkatalogen. Og eg kjem til å lytte på dokke.

Det er det vi skal gjere i framtida: Å lytte på kvarandre. Eg og fadrane dykkar, om ikkje alt for lenge også foreldrene dykkar kan ikkje lengre føreskrive noko for dokke, men vi kan ynskje noko for dokke og vi kan gi dokke gode råd. Og eg håper at dokke vil lytte på dei.

Salomo ønska seg visdom og skjøn. Det ynskjer eg også for dokke. Då dokke starte her i fjor var dokke born men når eg ser dokke her i dag ser eg kor voksne dokke har blitt. Og ennå meir voksen skal dokke bli. Men dette er ikkje berre gøy: Det er mange avgjersler som dokke blir naudsynt til å ta. Verda blir ikkje enklare. Den blir meir og meir komplisert.

Kva linje på vidaregåande skal eg gå på? Kor skal der være? Skal eg bu på hybel eller pendle? Kven skal være vennane mine? Skal eg være kull eller meg sjølv? Kven er eg eigentleg? Skal eg prøve alkohol, sigaretter, narkotika? Kva yrke ynskjer eg meg? Kven skal eg bli kjæraste med? Skal eg gifte meg? Kor mange barn skal eg få? Kor skal eg bu?

Og eg kunne fortsette med fleire spørsmål i mange timar til? Det er mange utfordringar som ventar på dokke. Eg ynskjer dokke ikkje pengar, rikdom, gods og ære, makt eller at dokke sjølv må få leva lenge. Eg ynskjer dokke visdom og skjøn. Ein som har dette kallast av og til også for opplyst. Og det ynskjer eg at dokke skal bli opplyst av han som seier: "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos." Joh 8:12. Eg ynskjer dokke visdom og skjøn slik at dokke kan gå på den rette vegen, vegen til ljoset.

Det vil ofte bli vanskeleg å ta avgjersler og av og til er det som verkeleg er feil å ikkje ta noko avgjersle. Men med visdom og skjøn vil dokke vit at dokke kan spørje om råd og hjelp. Dokke har guds ord og dokke har bøna, dokke har gud, og dokke har foreldre, fadrar, besteforeldre, verkeleg gode venner, prestar og andre som dokke som dokke har møt i dette året som dokke kan spørje om hjelp og råd.

Vi er så få her ute vi har ikkje ein einaste å miste. Eg ynskjer dokke visdom og skjøn slik at gud kan bevare dokke og dokke kan finne den rette vegen i lag med han som er ljoset for verda. Difor ynskjer eg å tenne eit ljos for kvar og ein av dokke.