Preiketekst: Luk 1:26-38

Då det leid på sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei møy som var trulova med Josef, ein mann av Davids-ætta; møya heitte Maria. Engelen kom inn til henne og sa: "Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!" Ved desse orda stokk ho og grunda på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen

sa til henne: "Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud. Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus. Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste, og Herren Gud skal gje han kongsstolen åt David, ættefar hans. Han skal vera konge over Jakobs-ætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans." Maria sa til engelen: "Korleis skal dette gå til, når eg ikkje veit av mann?" Engelen svara: "Den Heilage Ande skal koma over deg, og krafta åt Den Høgste skal skyggja over deg. Difor skal òg barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son. Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Dei sa at ho ikkje kunne få born, men no er ho alt i sjette månaden. For ingen ting er umogeleg for Gud." Då sa Maria: "Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt." Så fór engelen bort att.

 

 

Maria bodskapsdag er ein festdag midt i faste tida. Difor skal presten bære kvit stola på denne dagen. Bodskapet om at Jesus skal bli født er eit gledensbudskap.

Men nå: Tenk deg at du ha eit barn eller barnebarn eller de er sjølv er på alderen med Maria. Maria er ikkje gift. Ho har ikkje noko fullført utdanning eller sikra inntekt. Og så kjem ho med noko sånt: Eit graviditetstest og resultatet der det viser positiv. Barnet ventar barn og skal bli mor eller far.

Hadde dette vært eit budskap som hadde gjort deg glad?

Eg er sjølv far til ein gut som er nok så liten - ennå. Men eg klarer å tenkje tanken og eg kan sei eg hadde ikkje vert glad når eg fekk vite at han som 15åring skulle bli far.

Eg hadde ikkje blitt glad. Men det er ein forskjell mellom å ikkje være glad og å be og sørgje for at eit barn ikkje blir født.

Riktig nok var det ikkje svangerskapstest denne gongen Maria fekk bodskapet om at ho skulle bli mor. Men også situasjonen henna var alt anna enn enkelt: Ho var ikkje gift og framtida hinna stod på ingen måte på sikre bein.

Ho svarer: "Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.", men tenk deg at foreldrene henna eller Josef kjærasten henna hadde pressa ho til abort? Og sjølv om det var mykje farlegare denne gongen, så visste dei også denne gongen korleis ein kunne framprovosere abort.

" Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste, og Herren Gud skal gje han kongsstolen åt David, ættefar hans. Han skal vera konge over Jakobs-ætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans." sa engelen, men tenk deg at han hadde enda som abort?

Eg vil på  ingen måte fordømme folk som har tatt abort, er har i ikkje vært i deira situasjon, men vil sette verdien til livet, menneskeverdet høgt. Eg vil løfta op verdien til kvart menneske som er blitt til som skapning og som elska av gud. Abort kan bli framstilt som eit enkelt alternativ, men det er det ikkje. Eg har møtt menneske som sleit heile livet med at dei tok abort eller at dei pressa andre til abort. Og eg har møt mange unge menneske som ikkje hadde planlagd å bli foreldre. Mange av dei sleit med å få orden på livet sit, men då dei blei foreldre, klarte dei det.  Eg har møt mange som ikkje hadde planlagd å bli foreldre, men som blei det. Men eg kan sei at alle dei som døypte barnet sitt i kyrkja opplevde denne dagen som ein gledensdag.

Det er ikkje berre unge menneske, eller andre som ventar barn som har eit ansvar for dei ufødde, det er også vi kyrkjelyden, ein del av samfunnet, som har eit ansvar som gjer det lett for dei å bestemme seg for livet. Det er vi som ansvaret for å skaffe eit klima for livet og for å støtte dei. Du treng ikkje å være i slakt for å hjelpe med eit beundrande ord, med baby kler eller med å tilby deg som barnevakt. Det er vi som kan skaffe eit sånt klima.

Og eg er glad for at Maria var sterke og at ho fant eit sånt klima, at Josef ikkje sprang frå ho og at Jesus blei født. Eg er glad for at ho ikkje var redde men såg på seg som: Herrens tenestkvinne. Og i dag er dette eit gbodskap til å glede seg, at gud skulle bli menneske og at Maria skulle føde han. Det er ein del av det glade bodskapet sjølv om familien til Maria sikker så det annleis denne gongen. Det er evangelium, godt nytt at Jesus skulle bli født fordi utan det hadde han aldri klart gå opp på korset for å opne en ny veg for oss og for å slette ut våre synder.

Det er godt nytt at Maria såg på seg som Herrens tenestekvinne og fødde han og det er godt nyt kvar gong ein familie i ein vanskeleg situasjon bestemmer seg for barnet, men det er vår oppgåve å hjelpe dei.