Preiketekst: 5 Mos 8:1-3

Moses sa til Israelsfolket: Alle dei boda eg gjev deg i dag, skal de leggja vinn på å halda. Då skal de få leva og aukast og koma inn i det landet som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, og ta det i eige. Kom i hug korleis Herren din Gud førte deg heile vegen desse førti åra i øydemarka, fordi han ville audmykja deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje.

Han audmykte deg og lét deg svelta. Så gav han deg manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Han ville syna deg at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn.

 

Eg har lyst til å dele noko med dokke: Brød som eg  har baka i går. Eg håpar at dokke likar det. Eg har i alle fall prøvd å lage noko godt.

Det er i dag 4 barn som blei døypt. Dei har blitt del av kyrkjelyden. Kva er det eigentleg som utgjer ein kyrkjelyd og kva er ein kyrkjelyd? Kva er det som alle dei som kjem i kyrkja har i lag?

Ideelt set så er eit kyrkjelyd som ein stor familie, ein stor syskenflokk. Det bestor av alle som er døypte om som bur i eit visst område. Alle dei som er døypte har gud som ein far i himmelen. Dei har noko i lag.

Dei har ein far som sørgjer for dei : Vi kan be: Fader vår … og så vidare … gi oss i dag vårt daglege brød. Han sørgjer for at vi får mat til å ete og det at ein eter i lag er også eit kjenneteikn for ein familie.  Kyrkjelyden skal være som ein stor familie og difor har delt ut brød til dokke og difor skal vi også har kyrkjekaffi etter gudstenesta.

Men eit kyrkjelyd er meir enn ein stor familie. Det er eit felleskapp ikkje berre menneske imellom, men også mellom Gud og menneske. Det deler noko meir enn brød og vanleg mat.

Før dåpen sa eg til foreldrene og fadrane at dei og heile kyrkjelyden skulle be for barna, læra dei sjølv å be, og hjelpa dei til å bruka Guds ord og Herrens nattverd. Kvifor det?

Det at Gud audmykte Israelsfolket og let dei svelta før dei fekk manna skulle vise dei: at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn.

Det er ikkje nok at eit menneske har berre nok å ete, kler, bustad og pengar. Berre med det blir det lett eit ganske  trist liv. Eit menneske treng meir: fellesskap, ei meining med livet å håp.

Gud ord skal hjelpe oss til å få eit godt liv -både lova og evangeliet. Guds bod er ikkje der for å sjenere oss eller for å pine oss.  Gud laga dei for at vi skulle ha det godt. Guds ord fortel oss også om at gud vil har fellesskap med oss han vi være i lag med oss. Og det er godt å få vite om det så ofte som mogleg. Og difor er eg glad for at alle bar har fått dåpsvers i dag. Det seier nemleg at alle foreldre har ein bibel som dei kan bruke og det er eg glad for.

Og slik som ein møter faren heime ved kjøkkenbordet til middagen kan ein også møte gud ved eit bord. Ved alterbordet kan vi møte han. Nattverden skal minne oss om at Jesus døde på krosset og stod opp att for at vi skulle har fellesskap med gud. Og der i nattverden kan vi også oppleve dette fellesskapet. Ikkje spør meg korleis dett fungerer. Eg har i mange å prøvd å for stå det. Men eg klarte det ikkje. Nå har eg funne ut at ikkje er så viktig å vite korleis Gud møter oss, men at det er viktig å tru at han møter oss. Nattverd er eit lite måltid som vi kan har i lag med gud og alle som er døypte er invitert til det.

Det er nå fastetid for tida og kanskje mange her kan bruke tida i alle fall fram til påske til å bruke bibelen litt oftare. Eg veit at er ikkje så lett for dei fleste, men det går nå an å prøve.