Preiketekst: Matt 15:21-28

Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyrus og Sidon. Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå desse bygdene og ropa: "Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd." Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: "Gjer deg ferdig med henne; ho ropar etter oss."

Men han svara: "Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels-folket." Då kom ho og kasta seg ned for han og sa: "Herre, hjelp meg!" Han svara: "Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane." "Det er sant, Herre," sa kvinna, "men hundane et då av dei bitane som fell frå bordet åt herrane deira." Då sa Jesus til henne: "Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil." Og dottera vart god att i same stunda.

 

Då eg leste teksten for første gang tenkte eg: OBS! Dette er ikkje den snille Jesus eg kjenner til. Dette er av eit heilt anna slag. "Herre, hjelp meg!" ropar ho og han svarar "Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.". Dette er ganske brutalt.

Det er ingen sjølvfølgje at alle blir møt med opne armar. Eg korleis denne teksten har blitt brukt i teologisk argumentasjon og eg hadde ikkje likt det å bli kalla for eim hund. Men likevel gjer Jesus det.

Det er ingen sjølvfølgje at Jesus, at gud, møter oss vennleg og med velvilje. Det er ingenting vi har krav på: Vi er ikkje del av det folket han valte ein gong i tida. Vi klarer ikkje å halde lova hans.

Det er ingen sjølvfølgje at Gud lyttar på oss og hjelper oss. Vi trur at vi kar krav på at Gud lyttar og  hjelpar oss. Vi forventar ofte at når vi ropar, så skal han springe og hjelpe oss. Men det er vi som er menneske og han som er Gud og ikkje omvendt.

Det er ingen sjølvfølgje at vi lyttar på gud og følgjer hans bod. Alt for ofte gjer vi ikkje det.

"Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv." (Luk 10:27)

Kor ofte set vi oss sjølv og våre behov på første plass framom Gud og vår neste? Kor ofte set vi materielle behov framom åndelege? - "Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.",  Kor ofte prøver vi sjølv å være Gud? Kor ofte prøver vi å forandre og å strekke boda hans? Kor ofte er vi taus når han ber oss om hjelp?

Nei, det er ingen krav vi har mot Gud, men vi har hans nåde.

Av nåde gikk Jesus opp på korstet for alt det som skil oss menneske frå gud.

Av nåde fikk vi Guds  bod for at vi skulle ha eit betre liv.

Av nåde lyttar han på oss og hjelpar oss, sjølv om han ofte hjelpar annleis enn vi forventar.

Av nåde møter han oss med opne armar og vi kan kalle oss for hans barn og han for vår far.

 

Av nåde er vi frelst men det er ingen sjølvfølgje.