Matt 15:21-28

Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyrus og Sidon.  [22] Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå desse bygdene og ropa: "Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd."  [23] Men han svara

henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: "Gjer deg ferdig med henne; ho ropar etter oss."  [24] Men han svara: "Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels-folket."  [25] Då kom ho og kasta seg ned for han og sa: "Herre, hjelp meg!"  [26] Han svara: "Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane."  [27] "Det er sant, Herre," sa kvinna, "men hundane et då av dei bitane som fell frå bordet åt herrane deira."  [28] Då sa Jesus til henne: "Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil." Og dottera vart god att i same stunda.

 

 

Kyrie eleison, Herre miskunne deg, slik lyder eit bønnerop som vi høyrer ofte i gudstenestane. Vi høyrer det , men forstår vi det?

"Herre, hjelp meg!" Er kanskje litt meir daglegdags. Dette forstår vi  og når vi bruker det forventar vi at Herren hjelper. Når eg ber sånn forventar eg ofte at Herren hjelper med ein gong og blir sint når han ikkje gjer det. Kanskje han ikkje høyrer meg, tenkjer eg og blir litt lei.

Vi er inne i fastetida, tida som skal minne oss på Jesu liding og død. Fastetida, 7 veker før påske, skal førebu oss på kyrkja si største fest. Vi skal minne oss sjølve på att Jesus er oppstått. Vi kan bli stille, ransake oss sjølv og tenkje på den store gåva Jesus har gitt for oss. Han gikk opp på korset for alt det som går galt i livet vårt. Han gikk på korset for vi skal kunne rydde opp i livet vårt. Og det er mykje som ligg skjult der. Mange ting eg burde ha gjort og mange ting som eg ikkje burde ha gjort.

"Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv." (Luk 10:27) Kor ofte har eg sett mine eigne behov fram for behova til Gud og nesten min? Alt for ofte. Kor ofte har eg ignorert det når Gud sa "Hjelp meg!" eller "Hjelp nesten din!"?  Men det er ikkje det som tel. Det som tel er at Jesus har døydd på korset for mine svik. Han har betalt for alt som går galt i livet mitt. Dette er ikkje å forstå, dette er berre å tru.

Og eg meiner at gud ikkje høyrer når eg ber? Nei, han høyrer. Men han hjelper slik som han vil og ikkje slik som eg vil. Han hjelper, men korleis han hjelper er ofte vanskeleg eller umogleg å forstå. Men vi kan stole på at han hjelper.

Tru, så skal du får hjelp, slik som kvinna fikk det.

Nyt tida for påske til å rydde opp i alt det som ligg mellom deg og Gud og deg og nesten din. Berre våg ein open samtale slik at påske kan bli ein gleda sin fest.