Preiketekst: Luk 8:4-15

Mykje folk strøymde no til frå byane rundt ikring. Då ei stor mengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning:

"Ein mann gjekk ut og skulle så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen; det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, og det visna med same det rann opp, av di det ikkje fekk væte. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kjøvde det. Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre foll." Då han hadde sagt dette, ropa han ut: "Den som har øyro å høyra med, han høyre!"

Sidan spurde læresveinane han kva denne likninga skulle tyda. Han svara: "Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, så dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skjøna. Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjarta deira, så dei ikkje skal tru og verta frelste. Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur til ei tid, men når dei vert sette på prøve, fell dei frå. Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet vert dei kjøvde av suter og rikdom og nytingar, så dei ikkje ber fullmogen grøde. Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit vent og godt hjarta, så dei held ut og ber grøde."

 

Dette er preiketeksten til søndagen som kjem, Såmannssøndag. I mange kyrkjer blir denne søndagen feira som bibelsøndagen. Teksten handlar om Guds ord og korleis det møter oss. Møter det oss? Bibelen er Guds ord og ei undersøking frå 2003 viser at ca. 5% av alle nordmenn les dagleg i bibelen, 4% ca. ein gong i veka og ein gong i måneden medan det er 13 % som gjer det årleg. Men det er 59% som gjer det ennå sjeldnare.
Eg trur at i dag hadde Jesus vorte nøydd  til å leggje noko til likninga si: Han hadde vore nøydd til å snakke om frøa som har blitt hengande i ugraset, frøa bonden ikkje hadde tid til, frøa som aldri kom fram til jorda.

Dei fleste av dei som blei spurt om kor ofte dei leste i bibelen, sa at dei gjerne ville lese meir og oftare men at dei fikk det ikkje til. Dei hadde ikkje tid, dei visste ikkje når og korleis dei skulle gjere det.

Eg kjenner meg igjen i dei. Eg veit korleis dette er. Eg veit kor lett det er å sei at dette berre handlar om  rutiner, at ein "berre" trenger å stille klokka eit kvarter tidlegare …

Det er "berre" ikkje så lett. Kor skal eg starte? Korleis skal eg kome i gang? Mange ser så dårleg at dei har  vanskeleg med å lese i det heile tatt.

Men det finnes  hjelp. Det finnes planar til å lese bibelen og bibelgrupper som kyrkjekontora kan hjelpe deg med. For meg var det ein årsbibel, ein bibel med forskjellige tekstar for kvar dag, som hjelpte meg. Årsbibelen finnes også på norsk (dessverre berre bokmål) og kan bli lest frå kva som helst  dag. Og for dei som ser dårleg eller har dårleg tid, finnest det Lydtestamentet. Bibelselskapet har, i samarbeid med kulturinstitusjonar, lest inn Det nye testamente med blant anna kjente skodespelare. Dersom 5 husstander  bestemmer seg for å bruke det i ein felles lytteperiode kostar det ikkje meir enn  to bøker med påskekrim.

Den 9. februar startar fastetida for dette året. Tida  som skal hjelpe oss til å finne tilbake til Gud og til å gjere oss fri frå ting som fører oss bort frå han. Kvifor ikkje bruke denne perioden til å starte med bibellesing eller lytting. Sjølv om du ikkje kallar deg for "personleg" kristen er bibelen ein viktig del av kulturen vår og du vil bli overraska kor mange kvardagsuttrykk som kjem frå bibelen. Kvifor ikkje lytte til bibelen i staden for radioen under frukosten ?

Det er ikkje lenge til fastetida. Du er nøydd til å ta initiativ no slik at frøet, Guds ord også kjem fram til deg.

 

Michael Hoffmann