Jesus sa: Himmelriket kan liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg om morgonen og ville leiga arbeidsfolk til vingarden sin. Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden. Så gjekk han ut ikring den

tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget. Han sa til dei: "Gå bort i vingarden, de òg. Så skal de få det som rett er." Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut ikring den sjette og niande timen og gjorde like eins. Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: "Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?" "Fordi ingen har leigt oss," svara dei. Då sa han: "Gå bort i vingarden, de òg."

Om kvelden sa vingardseigaren til hushaldaren sin: "Rop inn arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei fyrste." Så kom dei som var leigde ikring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar. Då dei fyrste kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg. Dei tok imot pengane, men murra mot husbonden og sa: "Dei som kom sist, har ikkje arbeidt meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!" Han sa til ein av dei: "Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var vi ikkje samde om ein denar? Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg. Har eg ikkje lov å gjera med mitt som eg vil? Eller gjer det deg vondt å sjå at eg er god?" Såleis skal dei siste verta dei fyrste og dei fyrste dei siste.

 

Då eg flytta til Noreg var dei viktigaste lovane eg måtte lære meg ikkje Grunnloven og kyrkjeloven men Janteloven og Kardemommeloven.

Kardemommeloven: "Man skal ikkje plage andre, man skal være grei og snill – og for øvrig kan man gjøre som man vil." Er kanskje den som er enklast møte sjølv om særleg ein prest av og til er nøydd til å bryte den fordi han skal forkynne Guds ord klart og reint. Og guds ord er ofte ikkje direkte  "Grei og snill", men ganske direkte og krevjande.

Det er heller ikkje enkelt men ein anna lov som Aksel Sandemose formulerte i boka En flyktning krysser sitt spor frå 1933: Janteloven

 

  1. Du skal ikkje tru at du er noe.
  2. Du skal ikkje tru du er like mye som oss.
  3. Du skal ikkje tru du er klokare enn oss.
  4. Du skal ikkje innbille deg at du er betre enn oss.
  5. Du skal ikkje tru du veit meir enn oss.
  6. Du skal ikkje tru du er meir enn oss.
  7. Du skal ikkje tru at du duger til noe.
  8. Du skal ikkje le av oss.
  9. Du skal ikkje tru at noen bryr seg om deg.
  10. Du skal ikkje tru du kan lære oss noe.

 

Vingardseigaren kjem i konflikt med begge to. Dei som var først opplevde ikkje han som grei og snill: Han er vingardseigaren, han er sjefen til arbeidarane, han våger å lære dei at ein avtale er ein avtale og at han er fri til å gi denne lønninga han har avtalt og han vil gi.

 

Eg områder. har lest om Jantelova ein plass: "Det er ei hard lov. Kanskje det verkar gammaldags å halde fram at Jantelova fakkar tusenvis, og at jamvel ikkje Heilaganden prøver å stå opp som gjætar.
Mye kultivert åtferd gjekk vekk, og mangt anna endra seg med omsyn til skikkar og åtferd i førre hundreår. Kvar og ein let til å syge til seg Jantelov-kultus for å halde seg lovande inne med toppar, kanskje føre var tilmed."

Trua på den levande Gud er i konflikt med Jantelov-kultusen. Eg vil prøve å formulere eit evangelisk svar på Janteloven.

    1. Alle dei som er døypt er Guds barn.
    2. Gud er like glad i alle sine barn og dei er  sysken gjennom dåpen.
    3. Kvar den som trur på han skal få evig liv, men kvar den som nektar å tru på han må regne med å gå fortapt.
    4. Gud gir menneska forskjellige gåver og oppgåver og det er ikkje alle som er like flinke på alle
    5. Ingen av oss klare å fatte heile Guds sanning difor formidlar an noko til nokre og noko anna til andre, så vi er forskjellig i det vi veit om Gud utan at berre den ein har rett sjølv om det kan virka motstridande.
    6. Nokre har gud valt ut til spesielle oppgåver.
    7. Alle som trur om dei kallar seg for personleg kristen eller ei duger til å være guds vertøy på jorda, sjølv om ikkje alle duger til alt: Vi skal forkynne evangeliet om nødvendig med ord.
    8. Gud har sans for humør og det er lov men ein god latter blant sysken så lenge du ikkje sårer nesten din eller taler usant om han.
    9. Luk 10:27  "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv."  difor skal du bry deg om nesten din og han skal bry seg om deg.
    10. Vi skal hjelpe kvarandre fram i sanninga og difor har vi mykje å lære av kvarandre.

 

Eg veit ikkje om eg klarte treffe tonen riktig, men likninga om vigardeigaren viser at Jantelova gjeld ikkje for Gud, fordi han er vingardseigaren. Hos han skal alle som tar tilbodet hans på alvor, alle dei som trur på Jesus Kristus, få same lønninga: Det evige livet.: Joh 3:16

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

 

Og hos er det ikkje Jantelov eller Karemommelov som gjeld, hos han er det berre ein loven som gjeld: Luk 10:27

"Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv."