Til påskesøndag 11. april 2004

 

Preiketekst: Joh 20:1-10

Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka, medan det endå var mørkt, kom Maria Magdalena til grava.

Då fekk ho sjå at steinen var teken bort frå grava. Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og sa til dei: "Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han." Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til grava. Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang snøggare enn Peter og kom fyrst til grava. Han bøygde seg inn og såg linkleda liggja der, men han gjekk ikkje inn i grava. Simon Peter fylgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, og kledet som Jesus hadde hatt over hovudet. Det låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde. For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han skulle stå opp frå dei døde. Så gjekk læresveinane heim.

 

Snøklokka og påskelilja har byrja å vise seg i hagen min. Snøen er borte. Dagane blir lengre. Alt dette er heilt tydelege teikn på at vinteren har reist og våren står på trappa. Men på bilen min har våren ennå ikkje byrja, eg køyrer framleis med piggdekk. Noko i meg trur ikkje på at det skulle være slutt på vinteren og at våren har byrja. Noko i meg ynskjer å halde seg på den trygge sida. Alt rundt ikring meg tyder på våren, men noko i meg vil ikkje sjå det. Noko i meg er redd for at vinteren skal kome igjen.

Slik som eg ikkje er trygg på våren, er læresveinane heller ikkje trygge på det dei ser. Dei ser at grava er tom, steinen er borte, linkleda ligg der og nokon har til og med rulla saman kledet som Jesus hadde på hovudet. Alt tyder på at han har oppstått og gått sin veg. Alt tyder på det, men læresveinane våger ikkje å tru. Noko held  dei tilbake. Jesus har fleire gongar ymta om at han kjem til å døy og  stå opp igjen, men likevel trur dei ikkje på det dei ser. Det dei ser er også vanskeleg å tru: Grava er tom. Jesus er borte. Aldri før har eit menneske stått opp igjen frå dei døde. Moses og Elia vart løfta opp til himmelen, men aldri før har dei som var død stått  opp igjen.

Eg veit at det blir vår kvart år. Slik har det vore alltid, i alle år. Eg tviler berre  på kva tid  våren har teke  sin endelege seier over vinteren. Men læresveinane skal tru på noko som aldri har skjedd før.

Vår blir det kvart år, men Jesus stod opp berre ein gong. Jesus døydde  og stod opp ein gong for alle.

Vi feirar påske kvart år for å minnast   at Jesus leid , vart korsfesta og døydde  for oss. Han gjorde det for å byggje ei bru mellom oss og gud. Han bygde  ei bru over avgrunnen som har vore  der heilt sidan menneska  sette  sine eigne ynskjer på fyrste plass, framom gud.

Påske er dagen for det store halleluja, dagen for å prise gud. Jesus vart  ikkje liggjande i grava, han stod opp igjen. Jesus vart  levande att. Jesu grav er tom for å gi oss håp. Han oppstod som den fyrste, og slik som han skal også vi stå opp på den siste dagen.

Påske er den største kristne høgtidsdag. Vi kan tru på teikna: Jesus er oppstått, han er sanneleg oppstått. Halleluja!

 

Michael Hoffmann, sokneprest i Haram (Øyane)