Preiketekst: Joh 14:15-21

Jesus sa: Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje.

Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk. Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.

Sist veke hadde eg besøk av faren min. Eg gledde meg over besøket hans og tok  imot han med opne armer , ei varm stove og god mat. Det har gått ei stund sidan eg flytta frå foreldra mine og det er mange år sidan eg sist budde i lag med faren min. Det var kjekt å ha han heime hjå meg og det var interessant å sjå kor mykje eg har lært av han, kor sterkt han har sett sitt preg på sonen sin. Eg lære fortsatt av han. Eg har ikkje lenger den motviljen som eg av og til hadde då eg var barn.

No er han borte igjen. Han reiste på søndag mens eg var på gudsteneste på Fjørtofta. Men det er ikkje det same som  at han er ut av verda. Vi har jo telefonen og eg veit at han vil kome att. Eg veit ikkje når han kjem, men eg veit at han kjem.

Også Gud var gjest på jorda: I Jesus Kristus "kom han til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han." Joh 1:11 Jesus vart  ikkje møtt med opne armer. Det var berre nokre  få som tok imot han og lytta på det han  lærte dei. Og før han reiste på himmelfartsdagen lova han dei  at dei skulle halde kontakta og at han skulle kome att. Han sa ikkje når han skulle kome, men at han skulle kome. No var ikkje telefonen oppfunnen denne gongen og eg veit heller ikkje om

Gud treng ein telefon i det heile tatt. Gud har Den Heilage Ande for å halde kontakt med oss. I Den Heilage Ande er Gud til stades for oss, men han er ikkje synleg og det gjer det litt vanskeleg å gripe fatt i han. Han snakkar ikkje høgt og det er vanskeleg å forstå i alt bråket rundt oss. Men når vi blir stille og lyttar på han kan Gud leie oss, gjennom Den Heilage Ande, men dette krev at vi ynskjer kontakt med Gud, at vi tek telefonen og at vi er villig til å lytte på han.

På søndag er det første pinsedag. Pinse - Pentecoste - den femtiande dagen etter påske, er festen til Den Heilage  Ande. Pinsa er festen for kyrkja si  grunnlegging  og vigsling, då Den Heilage Ande  kom frå himmelen og inn i salen der apostlane og Maria var sammen i bøn, og skreiv Kristi lov, nåden og kjærleiken si lov, inn i hjarta på kvar enkelt.

 

God pinse og litt tid til ettertanke, kanskje på ein av turmarsjane på Nordøyane på 2. pinsedag.

 

Michael Hoffmann

Sokneprest i Haram (Øyane)