Matt 4:18-20

Ein gong Jesus gjekk langsmed Galilea-sjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.  [19] Han sa til dei: "Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!"  [20] Då gjekk dei beint ifrå nøtene sine og fylgde han.

 

Kven er vi? Kven er vi når står samla her? Vi er menneske

, menneske skapt av gud. Vi er guds skapningar. Vi er forgjengelege skapningar skapt av en uforgjengeleg gud. Vår tid her på jorda er avgrensa. Ingen veit kor lenge han lever, men alle veit at tida her på jorda er avgrensa, slik er det sidan syndefallet. Sidan Adam og Eva prøvde opprøret mot gud er menneskene forgjengeleg og vegen til æva, porten til paradiset er stengt for dei.   Sidan er tida for oss avgrensa. Menneskene prøvde denne gangen å være som gud, menneskene misbrukte den frileik dei hadde fått frå gud. Dei sat seg sjølv og sine ønskjer på første plass, før gud. Og på denne måten skilte dei seg frå gud, dei skapte en avstand mellom seg og gud. De stengte seg sjølv ut æva hjå. Også vi i dag misbruker frileika vår. Vi setter fortset oss sjølv og ikkje gud på første plass. Vi lever  ikkje slik som gud ynskjer det, vi elskar ikkje gud vår Herre av heile vårt hjerte og nesten vår som oss sjølv. Vi klarer ikkje å halde de ti bud heilt og fylt. Vi er synder, vi er ennå skilt frå gud. Vi klarer ikkje å setje gud på første plass i livet vårt. Vi klarer ikkje å opne porten til eit liv utover denne avgrensa tid vi  har fått her på jorda. Ikkje vi.

Gud derimot gløymer ikkje menneskene slik som dei har gløymt han. Han leita etter ei moglegheit for å opne en veg for synderene, en utover det forgjengelege her på jorda. Han leita etter en moglegheit for opne den  porten som menneskene hadde stengt. Han ble sjølv menneske og gikk alt det vi må gjennom her på jorda og meir enn det. Han gikk gjennom avvising og svik, gjennom liding og død, han gikk den tunge vegen opp på korsset. Gud ble i Jesus Kristus menneske og gikk den tunge vegen for oss. Han døde, ble gravlagd og for ned til dødsrike, men han blei ikkje der, han stod opp igjen frå dei døde og for opp til himmelen. Og Jesus kalla menneskene til å følgja han. Han sa: ”Fylg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!".  Han sa det til Peter og Andreas heilt enkle menneske, han oppfordra dei til å følgja han. De skulle følgja han i hans tid på jorda og utover denne. Han opna dei en veg utover tida her på jorda ikkje fordi de hadde fortent det. Dokke husker sikkert korleis Peter svikta han rett før krossfestinga. Han opna dei vegen til æva av nåde. Verken Peter eller Andreas klarte å opne porten til det evige livet sjølv, det er Jesus som opna den dor dei. Det er Jesus dom døde på krosset fot alle synder, for alt det som skiler menneskene frå gud. Jesus rop ”Fylg meg !” gjelder også oss i dag. Vi alle er kalla til å tene gud med dei evnene vi har fått frå han, men vi kan på ingen måte opptene oss eit liv utover tida vår her på jorda. Men vi kan tru på Jesus, vi kan tru på guds nåde og at han har utsletta alt vi har gjort imot og når vi gjer det, meiner ”Fylg meg !” også ”Fylg meg i oppstoda!”, ”Fylg meg til det evige livet!” Kallet blir til en lovnad, en lovnad vi kan tru på og som viser oss en veg utover vår avgrensa tid her på jorda.