Preiketekst: Matt 1:20-21

Ein engel frå Herren synte seg for Josef i ein draum og sa: "Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den Heilage Ande. Ho skal få ein son, og du skal kalla han Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira."

 

Ver ikkje redd! Ver ikkje redd! Slik lyder oppfordringa frå engelen til Josef. Gud oppfordrar til å ikkje være redde for noko som skal velte heile livet hans. Men kanskje har eg sjølv allereie snakket alt for mykje, kanskje skal han sjølv få ordet:

 

Eg heitar Josef, Josef ben Eli.

Eli heit faren min, han var tømmermann eller snekker, som dokke kanskje ville har sagt. Vi kjem frå Nasaret, der er verkstaden min. Eg er tømmermann slik som faren min og sonen min skal bli det same, fordi tømmermann er eit veldig solid handverk og han har talent. Jesus, eg snakkar om han som om var sonen min og på en måte er han jo guten min. Men korleis eg fikk han, eg undrar  meg fortsatt.

Eg har aldri vært en mann som likte å snakke. Ord er ikkje min sak, det eg kan er handverket mitt. Eg venta kanskje litt for lenge med å gifte meg, og da eg begynte å tenkje på det hadde eg blitt for gamal. Men der var jo Maria. Ho var ung og hjelpte meg med å rydde i verkstaden min. Da ble foreldrene hinna sjuk og de ønsket at eg skulle ta ho til meg. De meinte at eg skulle gifte meg med Maria. Eg er nå svært glad i Maria og eg visste heile tida at det var noko spesielt med ho, men eg hadde aldri komet på denne tanken? De fortalde meg at Maria hadde sagt til dei at ho var litt forelska i meg. Og etter at de hadde sagt dette, såg eg nok det glimte i øyane hinne når ho så på meg? Men å gifte meg med ho? Eg var jo allereie over 30 mens ho kjapt nok var 16 år gammal?  Men dei ba meg så innmari at eg til sist og slutt sa ja til en truloving. Men eg hadde aldri tenkt å dele senga med ho.

Og så skjedde det: Ei stund etter trulovinga, mens ho ennå budde heime med foreldrene sine, fant eg ho. Ho satt i eit hjørnet av verkstaden min. Ho gråt bare, ho gråt og gråt og det tok ei stund før eg fikk ut av ho at ho var gravid. Ho var gravid og redde for at eg skulle jaga ho bort. Ho var redde for å miste alt ho hadde meg og foreldrene sine og ho var redde for at eg skulle melde ho til myndigheitene for ulovleg omgang med mannfolk. Meir fikk eg ikkje ut av ho. Ho var redde. Eg hadde nok ingen planer om å melde ho, men det eg tenkte på, det var  at eg skulle reise en natt. Eg skulle snike meg av garde, slik kunne folket tru at eg var barnas far og ho kunne beholde æren sin og verkstaden min.

Men før eg gjorde noko galt tenkte eg skulle eg sove litt over det heile. Og denne natta opplevde eg noko merkeleg: Ein engel frå Herren synte seg for meg i ein draum og sa: "Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den Heilage Ande. Ho skal få ein son, og du skal kalla han Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.".
Da eg vakna var eg redde og eg lurte på om eg skulle tru på dette, om eg skulle våga å tru på dette barnet som var ennå ikkje født. Eg veit nå at dette barne kjem til å forandre livet mitt. Livet blir nok aldri det same igjen. Men eg tru eg skal våge det eg tru eg skal våge å tru Jesus og på det at han er guds son. Nei eg er ikkje redde eg våger å tru på det engelen har sagt til meg.

 

Vi veit ikkje mykje om Josef, vi trur at  Jesus lærte handverket hans, men vi veit at ble hjå Maria og at Jesus ble født i Betlehem. Han trudde på Jesus som skulle frelsa folket sitt frå syndene deira. Han skulle ikkje bare frelsa dei frå alle deira synder, men alle som trur på.  Men sin død på krosset sletta Jesus all våre synder. Han rydda opp med alt det uoppgjorde mellom oss og gud. Vi kan starte hjå gud  med blanke ark og det kan gjer oss friare når vi begynnar eit nytt herrens år, anno domini 2004.