Jesus sa: "Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. Den som elskar livet sitt, misser det; men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, han skal Faderen æra. No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne stunda? Nei, til denne stunda skulle eg koma. Far, herleggjer namnet ditt!" Då kom det ei røyst frå himmelen: "Eg har herleggjort det og skal atter herleggjera det."

Folket som stod der, høyrde det og sa at tora hadde slege. Andre sa: "Det var ein engel som tala til han." Då sa Jesus til dei: "Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar. No fell det dom over denne verda, no skal hovdingen over denne verda kastast ut. Og når eg vert opplyft frå jorda, skal eg dra alle til meg." Dette sa han for å syna kva slag død han skulle få.

 

 

 

Her er flybillettane mine! Eg har reist veldig mykje i det siste. Eg reiste fordi eg skulle møte familien. Eg reiste til ei verd som eg reiste frå for nesten ti år sidan. Denne gangen reiste eg for å følgje eit kall. Jorda sluttet ikkje å snu der eg hadde bod. Noen av dei eg kjente er død, mens andre har fått barn. Det gjer vondt å sei det: Mykje av det livet og den verda eg reiste ifrå er død, det finnes ikkje meir. Men det finnes eit nytt liv for meg og ein  ny verd både for dei som er blitt buande der og for meg.

 

" Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, han skal Faderen æra."

 

Det å høyre til Jesus, det å tene han, meinar våge forandringar. Det å følgje han meinar å forandre ståstaden vår. Det å følgje Jesus meinar at vi kan ikkje vere redde for forandring.  Når vi gir livet vårt og livet til barna våre i hans hender kan oss ikkje forvente at det forblir slik som det er. Eg drives i det livet eg har her og nå på Haramsøy, men Jesus seier: "Den som elskar livet sitt, misser det; men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv." Når eg elskar livet mitt og ønskjer å følgje Jesus så skal eg miste det. Skal eg difor hate livet mitt? Eg tviler på at eg skal hate det å leve her, men eg skal ikkje kvile meg alt for mykje i det behageleg livet

"Den som elskar livet sitt, misser det; men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv." Eg veit ikkje korleis det er med dokke, men dette skapar uro, i det minste i meg: Eg ønskjer verken å hate livet eller å miste livet. Men ordet er eintydig.

 

Søndagen i dag er ikkje søndagen i karnevalstida men siste søndagen før fastetida begynnar. Fastetida kjem til å minne oss om Jesu liding og død og den utfordringa han gav oss. (Mark 2:14) "Fylg meg!" Enkelt og greit, men kjempe vanskeleg. Fastetida stiller spørsmål: Kva henger du dit hjerte på? Jesus eller livet ditt her på Jorda? Kva er som limer deg fast i dette livet her? Er tida som du skal bruke til alle slags opplevingar, jobbing og fritidsaktivitetar?  Kva er det som hindrar meg i det å gjøre det slik som Peter: (Matt 4:20) Matt 4:20

Då gjekk dei beint ifrå nøtene sine og fylgde han. ? Eller er lommeboka og pengane i det som limer meg fast?  Eller er det all slags pynt og å ha det behageleg? Kva er det som limer meg fast i dette livet her på jorda? Kva slags del av livet mitt må døy for at eg skal fylgje Jesus meir? Er det sparegrisen? Er det aktivitetsmennesket? Er det, det pene mennesket? Er der gourmeten?

Faste tida som begynnar på  onsdag er ein moglegheit til å prøve ut kva som holder oss fast i dette livet her på jorda? Korleis hadde vært med 50 dagar utan TV eller avis, utan godteri eller med mindre mat på tallerken, utan alkohol og med mindre bilkjøring, en pause frå en aktivitet og meir bibellesing?

 

Eg veit ikkje kva som er en utfordring for dokke, men eg utfordrar dokke: Prøv det!

Det er en utfordring å forandre noko, å la noko i livet sitt døy - i det minste ei stund. "Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde."