Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda.

Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande.

Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. Og ta frelsehjelmen og Andens sverd somer Guds ord. Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

 

Tidene er blitt vanskeleg. Det ser ut som om verda går bare fortare og fortare. Vi lever ikkje lengre livet vårt vi hastar gjennom det. For bare to generasjonar sidan var man først og fremst opptatt av det å få nok for familien, det å mette alle munnar i huset. Det var en utfordring men dei aller fleste klarte å leve livet sitt. I dag er mange blitt gjeldslaver og jakter etter det gode livet. I all jakt blir det mindre og mindre tid for livet og  mindre og mindre tid for Gud. Det er pengar, mammon, som styrer verda. Det er pengar og arbeidsplassar som tvingar folk til å forlate dei hus der familien budde i fleire hundre år. Det verkar som om det er ei vondt som står bakt heile. Ei makt som vi burde ruste oss imot. Fastetida, tid før påske som begynte i går skal være eit tid til å ruste seg. Ei tid til å ruste seg med stilleik mot verdas bråk. Ei tid der vi kan sette bøn og ettertanke mot verda sin tullprat og sine opplevingar. Vi kan bruke tida til å faste til å gi avkall på noe mot verda sin forbrukersamfunn.

Det er tungt og krevjande og ruste seg mot det vonde makt. Vi trenger styrking og oppmuntring i den gode striden.

Fastetida minner oss om Jesu liding og død. Det viser oss at vi står ikkje aleine i kampen mot den vonde makt. Vi er ikkje aleine, vi er i lag med han som vant seiaren mot den vonde makt. Vi er i lag med Jesus Kristus. Han ga sin lekam og sitt for å seiare mot det vonde som er ute i verda og inn i oss. Han seiaret over døden, han stod opp ått. I nattverden, ved herrens bord, ønskjer han å styrkje oss. Han vil styrkje i vår motstand mot den vonde makt og i trua til det evige livet.

Vi kan sette stilleik mot verdas bråk, det å faste, det  å gi avkall på noe mot verda sin forbrukersamfunn og bøn og ettertanke mot verda sin tullprat og sine opplevingar. Og han vil styrkje oss med sin lekam og sitt blod.