Preiketekst: Matt 16:21-23

Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle verta slegen i hel, og tredje dagen skulle han stå opp att. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rettes og sa: "Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg." Men Jesus snudde seg og sa til Peter: "Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje sans for det som Gud vil, berre for det som menneske vil."

 

Her har eg en liten pose og i denne posen vil dokke finne bildet til en synder. Det dogge skal gjør nå er å opne posen, å sjå på det bildet dokke finn der inne og så skal dokke prøve huske det bildet dokke sett. Så skal dokke luke posen igjen og gi den vidare til nestenmannen uten å snakke om det dokke har sett.

 

Eg liker Peter. for meg er han den mest menneskelege av læresveinane. Han er ingen studert mann, han er en enkel fiskar. Han holder ikkje store talar an gjer å seier ting slik som dei er. Han er glad i Jesus. Han ønskjer ikkje at Jesus skal lide og døy. Han ønskjer å verne Jesus. Peter seier "Gud hjelpe deg, Herre!". Men Jesus reagerer nok så bratt: "Vik bak meg, Satan!" Eg synes det er litt urettferdig å reagere slik mot han. Peter ønskjer jo bare det beste for han.

 

Men likevel  har Jesus rett med det han gjer: " Du har ikkje sans for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.". Jesus står framom det mest vanskelege i livet sitt, han står framom lidinga og døden. Lidinga, døden og oppstoda det er det gud har sendt han til. Og nå kjem han Peter og verne han mot dette: " Dette må aldri henda deg." Dette er ein freisting for Jesus, som er vanskeleg å sto imot.

 

Peter hadde reagert heilt menneskeleg: " Du har ikkje sans for det som Gud vil, berre for det som menneske vil." seier Jesus til han. Peter er eit heilt vanleg menneske. Peter, grunnsteinen som Jesus kalla han ein gong, han er eit heilt vanleg menneske, eit menneske slik som det dokke har sett i posen.

Han er eit menneske, eit vanleg syndig menneske. Sjølv om han er Jesus, sjølv om han er gud så nær så er han likevel skilt frå gud. Han setter ikkje guds vilje men sine eigne ønskjer på første plass. Han er eit menneske som treng omvending. Ei menneske som treng å kome seg att på den rette veg. Og Jesus viser han til rette: "Vik bak meg, Satan!" ropar han. Han ropar ikkje "borte frå meg" eller "vik frå meg" han seier "vik bak meg". Han viser Peter en plass i etterfølgja hans. "Vik bak meg" det høyrer  saman med "Fylg meg" dei ord Jesus brukte då han gjorde han til den første læresvein.

 

Peter ynsket  å gjøre det gode men gjorde det vonde. " Du har ikkje sans for det som Gud vil, berre for det som menneske vil." Vi ber: "Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen ." Men lever vi etter dette? Lever vi etter det gud vil eller setter vi våre egne behov først? Fylgjer oss etter Jesus eller lever vi det gode livet? Kven er det dokke har sett i posen? Det er hardt å sei det: vi er synder alle saman utan unntak. Oss er skilte frå gud. Fastetida minner oss på Jesus lidinga og død og det mykje oss står inne i denne verda. Fastetida kan gjere oss bevisst på at vi er synder.

 

Men det å være synder er ingen grunn til bli sitjande for seg. Jesus Kristus gikk gjennom lidinga og døden for oss. Han seier ikkje: "Borte med dokke", han seier "Vik bak meg". Vår plass er bak Jesus i etterfølgja hans. Han døde for at vi skulle få tillit syndene våre. Når vi er bevisst på at vie er synder kan vi tillit syndene våre.

 

Gudstenesta i dag er en skriftemålsgudsteneste. Ein gudsteneste der  vi skal prøve oss sjølv og der vi kan få tilsegna om tilgjeving for syndene våre.

Vi er synder og den vonde makt prøver å styre oss nok så ofte, men Jesus døde for våre synder og vår plass er bak Jesus. Difor står det på baksida av speilen "Rettferdig av nåde gjennom Jesu Kristi liding og død!"