Preiketekst: Luk 7:36-50

Ein av farisearane bad Jesus eta hjå seg. Og han gjekk heim til han og sette seg til bords. No var det ei kvinne der i

byen som levde eit syndefullt liv. Då ho fekk vita at Jesus var gjest hjå farisearen, kom ho dit med ei alabastkrukke med dyr salve og vart ståande bak han nede ved føtene og gret. Så tok ho til å væta føtene hans med tårene sine og turka dei med håret sitt; og ho kyste dei og smurde dei med salven. Då farisearen, som hadde bede han til seg, såg det, tenkte han med seg: "Var denne mannen ein profet, visste han kva slag kvinne det er som tek i han, at ho lever eit syndefullt liv."

Då tok Jesus til ords og sa til farisearen: "Simon, eg har noko å seia deg." "Tala, meister," svara han. Jesus sa: "To menn stod i skuld til ein som lånte ut pengar. Den eine var skuldig fem hundre denarar, den andre femti. Men då dei ikkje hadde noko å betala med, ettergav han dei begge skulda. Kven av dei vil halda mest av han?" "Den han ettergav mest, tenkjer eg," svara Simon. "Du har rett," sa Jesus.

Så vende han seg til kvinna og sa til Simon: "Ser du denne kvinna? Eg kom inn i ditt hus; du gav meg ikkje vatn til føtene mine, men ho vætte dei med tårer og turka dei med håret sitt. Du helsa meg ikkje velkomen med ein kyss, men ho har ikkje halde opp med å kyssa føtene mine heilt frå eg kom inn. Du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føtene mine med den dyraste salve. Difor seier eg deg: Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor er det ho syner så stor kjærleik. Men den som lite får tilgjeve, elskar lite." Så sa han til kvinna: "Syndene dine er tilgjevne."

Då tok dei andre gjestene til å tenkja med seg: "Kva er dette for ein, som jamvel tilgjev synder?" Men Jesus sa til kvinna: "Trua di har frelst deg. Gå med fred!"

 

Her har eit skilte: "Open kyrkje " står det på den. Dette skilte kjem dokke til å sjå ved sidan  av kyrkjedøra gjennom heile sommaren. Allereie i veka før påske vil dokke få sjå den der og den viser at guds hus er open. Open for alle. Vi henner ikkje opp en regnbyeflag for å vise at en spesiell gruppe menneske er  velkomne, vi har eit skilte der står Open kyrkje på, eit kyrkje som i seg sjølv gjelder også  for gudstenestene sjølv om det ikkje henger der. Open kyrkje det seier at ikkje bare en liten gruppe men alle er velkomne i kyrkja og hjå gud. Og alle er velkomne i kyrkje likegyldig om dei kjem for å be, for å tenkje, for å klage, for å la seg inspirere, for å sjå seg litt rundt eller for gråte. Og det nettopp tårene som kvinna kjem med til Jesus. Det står der: "Så tok ho til å væta føtene hans med tårene sine og turka dei med håret sitt." Eg spør meg: Gråter ho av glede over å møte Jesus eller gråter ho over det syndefylle livet sitt? Eg kunne nå spekulere over det og kanskje er det en blanding av begge ting, men det er sannsynlegvis ingen som veit det heilt nøyaktig. En annen ting veit oss derimot og det er at Jesus ta imot kvinna slik som hun er. Lukas skrivar at hun " eit syndefullt liv".

Ho har hørt at Jesus er  i huset til en farisear i nabolaget. Ho veit at ho er ikkje velkomen i dette huset og under andre omstender hadde hun vel aldri våga å banke på  døra. Ho veit at farisearen fordømmer ho på grunnen av det livet ho har levd og at han ser ingen moglegheit til å stille seg på same nivå som ho. Men ho har hørt at Jesus er der og at han skal være Messias, den salvete, som kan tilgi synder.  Så tar ho med seg det mest kostbare  ho har i huset ei alabastkrukke med dyr salve og all sin mot og gjer seg på vegen. Ho kjem seg inn i huste og står bak Jesus, nå kan ho ikkje annleis ho må bare  gråte. Ho føler at øyane hans ser på ho og ho føler at han veit kven ho er. Ho vaskar føtene hans med tårene sine og turka dei med håret sitt; og ho kyser dei og salver dei med salven. Ho får ikkje med seg det han seier Simon farisearen, men ho høyrer kva han seier til ho: "Syndene dine er tilgjevne." og "Trua di har frelst deg. Gå med fred!". Endeleg er noen som møter ho med opne armer, endeleg ein som ser på ho og ikkje på det livet ho har levd.

 

Det står Open kyrkje på kyrkja vår og vi vedkjenner "ei heilag allmen kyrkje", men lever vi det? Lever vi som eit fellesskap, eit legeme, eller lager vi alt for ofte ein elitekyrkje for særleg innvidde, for dei som har bestått all dei moralske og kunnskapsmessige prøvene? Vi er synder vi og alle av oss utan unntak. Det er bare alt for lett å gløyme. Vi alle trenger guds tilgivelse. Glede vi oss fortsett over den eller oss blitt likegyldig? Gud ventar på alle med opne armer og difor skal også kyrkja, hans hus, og kyrkjelyden hans være open. Det er derfor en utfordring for oss og å gjer tersklane lav og dørene høg og open slik at alle kan komme til Herren.