Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus. Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: "Rabbi, når kom du hit?" Jesus svara: "Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl."

Då sa dei til han: "Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?" Jesus svara: "Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt." "Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?" spurde dei. "Kva kan du gjera? Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta." Jesus svara: "Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv." Då sa dei: "Herre, gjev oss alltid det brødet!" Jesus svara: "Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje."

 

Eg kjenner nokon som setter eit spørsmålsteikn bak alt og av og til gjer eg det og.  Av og til spør eg meg sjølv: Kven jobber eg for? Er det meg sjølv? Er det dei aktive i kyrkjelyden? Er det dei som trenger meg? Er det bispedømmerådet? Er det fellesrådet eller soknerådet? Eller er det ingen av desse? Kven er det vi jobber for? Av og til når eg stiller meg dette spørsmålet kjem eg hit, til alteret. Og her finer eg svar. Eg er en tenar og eg tenar den korsfeste og oppstandane Herre Jesus Kristus. Han jobber eg for.

Det er ofte ikkje så enkelt å vite kva sjefen vår ønskjer at vi skal gjøre: "Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?" og Jesu svar er ganske enkelt: "Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.". Alt vi gjør skal vi gjør i trua på han.  Det vi som tenkjer, men det er gud som styrar. - på tysk er til og rim på dette.

Av og til er det i alle våre aktivitetar alt for enkelt å gløyme kva som er det som eigentleg skal gjere "Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt." Vi jobber i kyrkja, vi får betalt for det å jobbe for gud. Vi har difor meir tid til dette en andre, men trua vår er difor også meir utsett enn hos andre og det dette meinar  i alle fall for meg at trua mi treng mykje styrking og stadfesting. Og her kjem eg tilbake til alteret:  "Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta." Nattverden er for meg en viktig kjelde av styrking for trua mi. Her møter Jesus meg, men  samtidig ser eg kor mange som blir sitjande i benkane. Første  gang eg fikk lov til å være med til nattverden, det var i konfirmasjonsgudstenesta mi. Eg var nesten 15 å gamal men sidan har eg så vidt som eg husker altid vert med til nattverden. Eg trenger det. I kyrkjelydane våre er det så mange som ikkje våger å ete livsens brød.  Det var synderene  Jesus døde for og Judas sat til bords med han på skjertorsdag. Vi jobber for gud og eg trur at vi har en utfordring i det formidle ein Gud som ikkje er ekslusiv for nokon få, men ein gud som er alminneleg. Jesus som er gud og som er verdsens brød ønskjer å være med oss alle dagar så lenge verda står, med oss med alle dei menneskene vi møter i kyrkje, på gata eller i butikken.