Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane

og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus. Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: "Rabbi, når kom du hit?" Jesus svara: "Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl."

Då sa dei til han: "Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?" Jesus svara: "Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt." "Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?" spurde dei. "Kva kan du gjera? Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta." Jesus svara: "Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv." Då sa dei: "Herre, gjev oss alltid det brødet!" Jesus svara: "Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje."

 

Dagen i dag har i kyrkja sin kalender, i kyrkjeåret, fått namnet 4. søndag i faste eller midfaste. Dagen ligg midt i fastetida og denne tida minner oss om Jesu Liding og død. Fastetida kan bli sett som ein slags reise: Ein reise som begynnar i Galilea og som slutter på Golgata, på krosset . I løpet av denne reisa blir læresveinane meir og meir klar over kva som kjem til å skje med Jesus. Dei blir klar over at dette kjem til å bli en tung veg, men likevel går dei med han nesten heilt fram til slutten. Dei trur på han og går med han. Dei forstår ikkje alt han seier, men dei trur han.

Når ein er på tur  treng ein av og til litt mat og det er det dagens preiketekst stort set handlar om. Men først tar folket opp eit viktig spørsmål: "Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?"

Kva gjerningar er det Gud vil vi skal gjera? Skal vi halde oss reint og borte frå alle freistingar? Skal vi gå til kyrkja kvar veke? Skal vi gi veldig mykje til misjonen? Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?
Sikkert alle desse gjerningane er i seg sjølv ikkje gale, men likevel har Jesus eit anna svar. Han snakker ikkje om gjerningar, han snakkar om berre i gjerning: "Tru på han som Gud har sendt."

Vi skal tru. Jesus snakkar ikkje om kyrkjegang eller bedehusbesøk. Han snakkar om tru, ikkje personleg eller omvendt tru, men tru?:

Joh 3:16

" For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. "

Jesus er den som gud harr sendt, og han veit Trua vår er utsett for mange freistingar og den trenger mat og styrking. Den trenger mat, den trenger brød og seier at han er dette brødet. Nå har eg blitt alt for teoretisk nå skal komme tilbake til det praktiske igjen. Vi skal tru og trua treng mat, styrking og Jesus har sagt at han er brød. Så vidt faktane Men korleis kan dokke få dette brødet?  En liten smakebit får dokke når dokke høyer på Guds ord, men er det nok med en smakebit, blir ein mette av en smakebit?

Når eg viser dokke dette då veit dokke sikkert med ein gong kva eg meinar. Jesus døde på korsset for våre synder, for alt det som skiler oss frå gud. Han sitt blod og sin legeme for oss. Men før gjorde det feira han nattverd med læresveinane sine og sa at dei skulle ete brød og vin som hans legeme og blod og at dette skulle styrkja dei i trua på han. Han sa bare at vi skulle gjøre det. Han sa ikkje at oss trengte eit fromleikseksamen, eller korleis vi skulle tenkje oss det heile, han sa ikkje at det var nødvendig å forstå det heile. Eg har studert dette i mange år, men eg klarer ikkje å forstå kva som skjer  i nattverden. Vi trenger ikkje å forstå, men vi skal tru og det heiter trua og ikkje forståa.

Mark 10:15

"Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det."

Trua vår treng styrking og i nattverden kan oss smake livsens brød. Og det er trua det gjeld, ikkje om den er liten eller små men at vi har den og at den er i livet: "Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.".

Jesus er livsens brød og i nattverden kan vi ete dette brødet. Her er det en beger som ventar kanskje nettopp på dei eller kanskje er ein av dei andre der nede. Nattverda  skal  sameina oss i Guds kjærleik og stadfesta i oss vona om det evige liv. Og du er velkomne ved Herrens bord.